Historisk arkiv

Færre langtidssjuke, større korttidsfråvær i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr: 52/97
27.06.97

Færre langtidssjuke, større korttidsfråvær i staten

Influensaepidemien er ein sannsynleg medverkande årsak til at sjukefråvær opp til 14 dagar blant statstilsette steig kraftig i første kvartal 1997. Fråvær frå 4 til 14 dagar auka med 52,6 %, mens korttidsfråværet frå 1 til 3 dagar hadde ein auke på 21,3 %. Derimot gjekk langtidsfråværet over 14 dagar ned med 3 % i forhold til same periode i fjor.

Totalt auka sjukefråværet med 11,6 % i forhold til første kvartal 1996. Det var blant kvinnene fråværet steig mest, med ein auke på 13,8 %. Blant mannlege statstilsette steig sjukefråværet med 6,6 %. Sjukefråværet i staten låg på 6,1 % første kvartal 1997.

Korttidsfråværet mellom 1-3 dagar ligg lågast med 1,2 %, mens langtidsfråværet over 14 dagar ligg høgast med eit nivå på 3,4 % i første kvartal 1997. Det har vore ein auke i sjukefråværet dei siste åra. Det er auken i langtidsfråværet som slår mest ut på statistikken. Tendensen det siste året har vore at korttidsfråværet har gått ned. Truleg er influensaepidemien hovudårsaka til at denne trenden blei snudd i første kvartal i år.

Planleggings- og samordningsminister Bendik Rugaas seier at det er viktig at dei statlege verksemdene kontinuerleg arbeider med å forbetre arbeidsmiljøet og analysere utviklinga i sjukefråværet, slik at tiltak kan setjast inn der behovet er størst.

- Vi har gjennomført ei undersøking om kor langt departementa er komne med internkontroll, som er ein viktig reiskap i arbeidet med å redusere sjukefråværet. Vi vil innkalle departementa til møte over sommaren for å sjå til at tiltak innan helse, miljø og sikkerheit blir sette i verk og følgde opp, seier Rugaas.

Planleggingsministeren seier at departementet vil ta initiativ til prosjekt i større statlege verksemder for å planleggje og setje i verk tiltak som kan vere med på å betre arbeidsmiljøet og redusere sjukefråværet. Planleggings- og samordningsdepartementet vil også føre vidare samarbeidet med arbeidstakarorganisasjonane i staten om desse spørsmåla.

Kontaktpersonar: Avdelingsdirektør Finn Melbø eller førstekonsulent Solgunn Tverfjell, Arbeidsgivaravdelinga, PSD, tlf 2224 4880 / 2224 4904.

Lagt inn 27 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen