Historisk arkiv

Idégrupper for dei yngste og dei eldste

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 8/96
28.01.97

Idégrupper for dei yngste og dei eldste

- Eg vil utfordre unge og eldre til å vere med på å forme den informasjonsteknologiske delen av framtida i "Det norske hus", og vil setje ned to idégrupper som skal arbeide med dette, sa planleggings- og samordningsminister Bendik Rugaas i si IT-politiske utgreiing for Stortinget i dag.

Den eine gruppa skal ikkje ha noen deltakarar som er eldre enn 25 år - og desse skal komme med idear til bruk av IT og Internett på ulike samfunnsområde. Ungdomsgruppa vil også bli utfordra til å foreslå korleis ungdom og ungdomsorganisasjonar kan etablere fellesskap og nettverk og bruke nettet i sitt arbeid. For eksempel i haldningsskapande arbeid mot vald og mobbing, kan nettet brukast til å skape møteplassar og diskusjonsforum. Den andre gruppa skal ikkje ha noen deltakarar som er yngre enn 65 år - og dasse skal ta for seg korleis eldre kan få glede og nytte av nettet og gi råd og synspunkt på korleis vi bør innrette oss når nye tenester og kommunikasjonskanalar i samfunnet blir utforma.

- Eldresenteret på Stovner i Oslo har Internettilknytning, og er eit eksempel på at nettverk og kommunikasjon ikkie er berre for unge, men i høgaste grad også ei muligheit for eldre, sa statsråd Rugaas.

linkdoc040005-090004#docIT-politisk redegjørelse

Lagt inn 28 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen