Historisk arkiv

Nedgang i korttidsfråværet i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 1/97
02.01.1997

Nedgang i korttidsfråværet i staten

Korttidsfråværet i staten på inntil 3 dagar gjekk ned med 7,5 % i 3. kvartal 1996, viser sjukefråværsstatistikken frå Planleggings- og samordningsdepartementet. Det har også vore ein nedgang i det mellomlange fråværet på 4 til 14 dagar på 1 %. Ein auke i langtidsfråværet på 4,2 % førte likevel til at sjukefråværet blant statstilsette samla gjekk opp med 1,7 % i 3. kvartal 1996 samanlikna med same kvartal året før.

Langtidsfråvær på over 14 dagar utgjorde i tredje kvartal i fjor 70,8 % av det totale sykefråværet i staten. Fråværsnivået blant dei statstilsette låg i dette tidsrommet på 4,8 %, mot 4,7 % same kvartal året før.

Førebyggjande tiltak retta mot dei langtidssjukemelde er derfor eit hovudsatsingsområde for det sentrale sykefråværsarbeidet i staten, seier planleggingsminister Bendik Rugaas. Planleggingsministeren sender ei sterk oppfordring til statlege verksemder om å gjere ein kontinuerleg og aktiv innsats på arbeidsmiljøområdet.

Ei ny og forenkla internkontrollforskrift frå Kommunal- og arbeidsdepartementet vart sett i kraft frå 1. januar. Den nye forskrifta skal gjere det enklare å systematisere helse-, miljø- og tryggingsarbeidet.

Kontaktpersonar: Avdelingsdirektør Finn Melbø eller førstekonsulent Solgunn Tverfjell i Arbeidsgivaravdelinga, tlf. 4 4480/4 4904.

Lagt inn 2 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen