Historisk arkiv

Norddal kommune får hand om statsarv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr: 56/97
09.07.97

Norddal kommune får hand om statsarv

Eit småbruk i Norddal kommune i Møre og Romsdal som Staten har arva, skal restaurerast og takast vare på som kulturminne. Dette har planleggings- og samordningsminister Bendik Rugaas i dag informert Norddal kommune om. Eigaren av småbruket, Nelly Veiberg, døydde utan arvingar og utan testamente, og etter arveloven skal då arven tilfalle Staten.

Kommunen har søkt staten ved Planleggings- og samordningsdepartementet om å få overta småbruket. Planleggingsminister Rugaas opplyser at han også har blitt kontakta av Riksantikvaren og fått brev frå Senterpartiets stortingsgruppe om saka.

  • Ut frå arveloven er det ikkje mogleg å gi avkall på staten sin arv i høve som dette, seier Rugaas.
  • Eg har likevel meint det burde vere mogleg å komme fram til ei løysing der eigedommen blir teken vare på og nytta lokalt. Når Norddal kommune ønskjer å ta vare på hus, innbu og naturlandskap og stå for drift av dette komplette kulturminnet, er dette noko eg ser som ei fin markering av Kulturminneåret 1997, seier planleggingsministeren.

Rugaas opplyser at staten vil syte for at eigedommen blir sett i så god stand som mogleg. Dette er kostnadsrekna til i overkant av 680.000 kroner. Etter at restaureringa er gjord, vil kommunen ta over framtidig vedlikehald.

Kontakt for nærmare opplysningar: Underdir. Jan Kristensen, tlf 2224 4830.

Lagt inn 9 juli 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen