Historisk arkiv

Renter ved for sein utbetaling av statleg pensjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr: 36/97
23.05.97

Renter ved for sein utbetaling av statleg pensjon

Statens Pensjonskasse skal frå nå av gi renter ved for sein utbetaling av pensjon. Det foreslår Planleggings- og samordningsdepartementet i ein proposisjon som blei godkjend i statsråd fredag 23.5. Pensjonskassen har til nå ikkje hatt heimel for å betale renter ved for sein utbetaling.

Planleggingsminister Bendik Rugaas seier at departementet tidlegare har gått inn for ei anna løysing i form av ei såkalla verdifast eller indeksregulert etterbetaling. Dette forslaget blei sendt på høring saman med ein del andre forslag til endringar i lov om Statens pensjonskasse.

- Etter høringsrunden vurderte vi saka på ny, og kom til at rentebetaling var det rette. Dette er i tråd med synet til dei fleste høringsinstansane, seier Rugaas.

Departementet gjer framlegg om at renteplikta til Pensjonskassen blir utforma i samsvar med dei rentereglane som gjeld for forsikringsavtalar. Det vil seie at Pensjonskassen må betale renter når pensjonsutbetalinga er forseinka med meir enn to månader. Også rentesatsen blir som fastsett i forsikringsavtaleloven.

Framlegget inneber også at Pensjonskassen skal få høve til å kreve renter av beløp som er for mye utbetalt etter dei reglar som gjeld for dei kommunale og fylkeskommunale pensjonsordningane. Slike krav kan gjerast gjeldande når det har gått ein månad etter at Pensjonskassen har sendt skyldnaren skriftleg påkrav med oppmoding om å betale.

Planleggings- og samordningsdepartementet reknar med at rentebetalinga normalt vil kunne gi ein meirkostnad på omlag 5 millionar kroner i året. Dei nærmaste åra vil meirutgiftene likevel bli ein god del større på grunn av at Pensjonskassen for tida slit med store restansar. Inntektene ved rentebetaling på beløp som er utbetalt for mye blir rekna som minimale.

Kontakt for nærmare informasjon: Underdirektør Jan Kristensen, tlf. 2224 4830.

Lagt inn 23 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen