Historisk arkiv

Rugaas: Kr 100 000,- til statsetat med best service

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr: 51/97
27.06.97

Rugaas: Kr 100 000,- til statsetat med best service

Planleggings- og samordningsminister Bendik Rugaas vil gi ein pris på kr 100 000,- til den statlege etaten som kan vise til dei beste, konkrete resultata med å forbetre servicen og behandlinga av sine brukarar. Rugaas seier at det viktigaste kriteriet for å vinne premien er at institusjonen kommuniserer med brukarane.

Eit sentralt krav til etatar som vil søkje Brukeretat 97 er at dei arbeider med å få ned og standardisere tidene for saksbehandling.

- Brukeretat 97 er ei markering av at regjeringa ønskjer at brukarorientering og service skal vere ein sentral verdi i statsforvaltninga, seier planleggings- og samordningsministeren.

Tidene for saksbehandling og andre ventetider skal ikkje berre vere så korte som mogleg, men etatane skal også vere i stand til å seie kor lang denne saksbehandlingstida skal vere, og klare å halde det dei lovar. Det er utarbeidd kriterium for kva som er meint med ein brukarorientert etat og søkjarane vil bli vurderte i forhold til desse.

Søknadene blir vurdert av ein jury med representantar frå Planleggings- og samordningsdepartementet, Statskonsult og Statens informasjonsteneste. Kandidatar til prisen skal søkje på eit skjema som ein får hos desse tre statsorgana. Også delar av ein større etat som fylkeskontor eller lokale kontor kan søkje. «Brukarar» er brukarar utanfor statsforvaltninga sjølv, slik som organisasjonar, enkeltpersonar, og bedrifter. Prisen på kr 100 000,- skal brukast til å forbetre behandlinga av brukarane ytterlegare og blir delt ut før mars 1998.

Kontaktperson: Rådgivar Dag Strømsnes, Forvaltningspolitisk avdeling, PSD, tlf. 22 24 49 33.

Lagt inn 27 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen