Historisk arkiv

Rugaas kritisk til statlege kampanjar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr.31/97
24.04.97

Rugaas kritisk til statlege kampanjar

- Staten bør ikkje bruke kampanjar i utrengsmål. Ein skal vere kritisk når ein ønskjer å bruke kampanjar. Derfor har alle departement og direktorat fått ei sjekkliste dei skal gå gjennom dersom dei planlegg ein kampanje, seier planleggingsminister Bendik Rugaas. Sjekklista er utarbeidd av Statens informasjonsteneste på oppdrag frå Planleggings- og samordningsdepartementet. Statsråden ønskjer at sjekklista skal fungere som ei form for regulering av bruk av kampanjar i statsforvaltninga. Dette er eit ledd i det arbeidet med kvalitet og målretta ressursbruk i staten.

- Skal ein ta i bruk kampanjar, bør dei vere knytte til større reformer og først og fremst vere opplysningskampanjar som gir folk kunnskap om rettar og plikter. Holdningskampanjar skal ein vere varsam med, seier statsråd Rugaas.

Sjekklista tar utgangspunkt i dei prinsippa som er fastsette for statens informasjonspolitikk. Her blir det bl.a. lagt vekt på å sjå ulike verkemiddel, inkludert informasjon, i samanheng slik at ein kan få best mogleg effekt ut av offentlege tiltak. Til dette hører å vurdere kritisk om informasjonskampanjar er det rette verkemidlet i den saka det gjeld.

Sjekklista startar med spørsmål om kva som er det eigentlege problemet; om det er eit informasjonsproblem; om informasjon kan løyse problemet eller om ein heller bør bruke andre verkemiddel og om ein kampanje er den beste måten å løyse problemet på. Kjem ein gjennom desse spørsmåla og framleis meiner ein kampanje er løysinga, stiller sjekklista ei rekkje spørsmål og krav for at kampanjen skal bli skikkeleg planlagd.

Kontakt for nærmare informasjon: Underdirektør Ståle Rist, tlf 2224 4983.

Lagt inn 24 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen