Historisk arkiv

Slottet skal bli ferdig rehabilitert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 71/97
Dato 13.10.97

Slottet skal bli ferdig rehabilitert

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 135,3 mill. kroner for å fullføre rehabiliteringa av Det Kongelege Slott i 1998. Den totale kostnadsramma for rehabiliteringa blir dermed på 273,2 mill. kroner, mens den opphavlege kostnadsramma var på 149 millionar.

- Det er på tide at Slottet nå blir sett i den stand som eit så sentralt nasjonalt bygg bør vere i, seier planleggings- og administrasjonsminister Bendik Rugaas.

- Rehabiliteringsarbeidet er blitt av større omfang enn ein såg for seg då arbeidet blei sett i gang, men det er viktig at det blir fullført på ein skikkeleg måte, seier statsråden.

Nye behov for ombygging, utbetring og oppussing har blitt avdekte undervegs, slik at ein del av premissane for arbeidet har blitt endra. Prosjekteringskostnadene har dermed blitt større enn det var lagt opp til i utgangspunktet. I tillegg har det blitt oppdaga omfattande rôteskadar ettersom arbeidet har skride fram.

Ordinær prisauke i prosjekterings- og rehabiliteringsperioden utgjer 11,4 mill. kr. Det har også komme til ekstraordinær prisauke på grunn av høge marknadsprisar og behov for spesiell kompetanse og høgt kvalifiserte fagarbeidarar på fleire område. I tillegg er ein del innreiingskostnader overførte til byggebudsjettet.

Rehabiliteringa er planlagd og blir gjennomført i nært samarbeid med H.M. Kongen, H.M. Dronninga og Riksantikvaren. Prosjektet skal etter planen vere ferdig 1. oktober 1998.

Kontakt for nærmare informasjon: Rådgiver Oskar Petter Jensrud, Forvaltningspolitisk avd., tlf 2224 4640.

Lagt inn 13 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen