Historisk arkiv

Staten og kommunal sektor går saman om "Forvaltningsnettet"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 2/97
02.01.1997

Staten og kommunal sektor går saman om "Forvaltningsnettet"

Planleggings- og samordningsdepartementet og Kommunanes Sentralforbund etablerer nå eit fellesprosjekt for å betre den elektroniske informasjonsutvekslinga i offentleg forvaltning. - Det er behov for enklare og sikrare informasjonsutveksling mellom statleg og kommunal sektor, seier planleggingsminister Bendik Rugaas. - Dette er også streka under i statssekretærutvalets rapport "Den norske IT-veien. Bit for bit".

Leiar i Kommunanes Sentralforbund, Halvdan Skard, framhever behovet for auka samarbeid på dette området, noko som også går fram av KS-dokumentet "Byggesteiner for kommunal IT-politikk". Sentralt har det vore i gang ein prosess for å betre IT-samarbeidet mellom kommunane og staten, og i haust låg det føre ein felles strategiplan. Etablering av eit forvaltningsnett er eitt av tiltaka det er gjort framlegg om i planen.

Forvaltningsnettet skal ikkje bli eit nytt fysisk nett. Det er eit samarbeid om fellestilbod innan elektronisk informasjonsutveksling og samtrafikktenester som utnyttar den eksisterande infrastrukturen i offentleg forvaltning. Kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder får tilbod på aktuelle tenester over rammeavtalar med eit avgrensa tal leverandørar. Skard seier dette vil bli eit fleksibelt opplegg basert på friviljug medverknad. Det vil hjelpe til med å effektivisere og betre kvaliteten i offentleg sektor.

Forvaltningsnettet vil bl.a. leggje grunnlag for enklare rapportering mellom kommunane og staten. Det vil føre til lettare tilgang til offentlege register og databasar, både for forvaltninga og for næringslivet og publikum. Den elektroniske samhandlinga med publikum vil også kunne bli betre. Dessutan vil det gjere det enklare å kjøpe og etablere tenester innan informasjonsutveksling. Tryggingsløysingar vil vere eitt av tilboda, slik at verksemdene betre vil kunne ta vare på omsynet til personvern og datatryggleik.

Planleggings- og samordningsdepartementet har prosjektansvaret og har nå lyst ut ein open tilbodskonkurranse i tråd med reglane i EØS-avtalen. Planleggingsministeren ventar hard konkurranse, og det vil krevjast stor innsats frå dei firma det blir gjort avtale med.

Heile tilbodsmaterialet vil kunne lesast av dei som har tilgang til Internett, i Regjeringas informasjonstenar ODIN.

Internettadressa er:

linkdoc#dochttp://odin.dep.no/html/nofovalt/depter/ad/anbud/anbud.html

Kontakt for nærmare informasjon: Avdelingsdirektør Ottar Ostnes, tlf. 2224 4645 og rådgivar Svein Sefland, tlf. 2224 4964.

Lagt inn 2 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen