Historisk arkiv

Aldri har så mange gjort så mykje!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 56/1997
13.08.1997

Statssekretær Torstein Rudihagen om skulevegen til 6-åringane:

Aldri har så mange gjort så mykje!

- Eg trur ikkje så mange nokon gong har gjort så mykje for å tryggje skulevegane. Eg meiner mange fortener ros for den innsatsen som no vert gjort, seier statssekretær Torstein Rudihagen. Han vonar innsatsen er stor nok til å unngå ulukker når 6-åringane over heile landet måndag tek fatt på skulevegen.

Statens vegvesen meiner det er gjennomført fysiske tiltak for om lag 200 millionar kroner inneverande år, for å tryggje dei minste trafikantane på veg til skulen. Dette er statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg kjem annan ressursinnsats som Vegvesenet, skuleverket, Politiet, Trygg Trafikk, foreldrelag, velforeiningar og friviljuge organisasjonar yter.

- Trafikktryggleik er eit langsiktig arbeid. Gjennom mange år er det satsa på å gjere skulevegane tryggare. I inneverande vegplanperiode (1994-97), er det til dømes bygt 365 km gang- og sykkelveger langs riksvegane her i landet. I den neste fireårsperioden vil innsatsen verte auka slik at vi ved utgangen av perioden vil ha eit gang- og sykkelvegnett på 2670 km langs riksvegane. I tillegg kjem fylkeskommunale og kommunale gang- og sykkelvegar. Det er også lagt opp til styrka vedlikehaldsinnsats på gang- og sykkelvegnettet. Det vil alltid vere nokon som tykkjer vi burde gjort meir. Eg finn difor grunn til å minne om at ein stor innsats gjennom mange år har gjort skulevegane tryggare, seier statssekretær Rudihagen.

Over Samferdsledepartementet sitt budsjett er det i 1997 løyvd 70 millionar kroner til særskilde trafikktryggleikstiltak, det som tidlegare var Aksjon Skuleveg. Frå og med 1998 er det lagt opp til å auke denne løyvinga til 100 millionar kroner.

- Men statlege midlar er ikkje nok. Både kommunar, skular og foreldre må engasjerast i eit kontinuerleg arbeid for å tryggje skuleelevane si ferdsle til og frå skulen, seier Rudihagen.

Lagt inn 13 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen