Historisk arkiv

Boknafjordsambandet: Ny gassdriven ferje kostar 145 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 14/97
7.3.1997

Boknafjordsambandet: Ny gassdriven ferje kostar 145 millionar kroner

Det skal byggjast ei ny ferje for prøvedrift med bruk av komprimert naturgass (CNG, Compressed natural gass) som drivstoff i Boknafjordsambandet i Rogaland. Den nye ferja er rekna å koste 145 millionar kroner. I tillegg kjem kostnadene til oppbygging av eit nytt transportsystem for frakt av gass til ferja, noko som er rekna å koste 15 millionar kroner.

Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag om endringar i statsbudsjettet for 1997.

Prøvedrifta med "gassferje" i Boknafjordsambandet er ei oppfølging av eit tidlegare vedtak i Stortinget. I tillegg vil det bli sett i gang forsøk med bruk av flytande gass (LNG, Liquid natural gass) som drivstoff i ferjesambandet Halsa - Kanestraum i Møre og Romsdal.

Informasjonskontoret, Akersg. 59, Oslo
Postadresse: Boks 8010 Dep., 0030 OSLO
Informasjonssjef Ivar Torvik
Tlf.: 22 24 81 08
(Privat 22 60 21 42)
Telefax
22 24 95 71
22 34 95 71

Lagt inn 7 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen