Historisk arkiv

Nedgang i talet på drepne i trafikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 1/97
02.01.97

Statssekretær Torstein Rudihagen:

Nedgang i talet på drepne i trafikken

- Det er ein gledeleg nedgang i talet på drepne i 1996. Tar ein omsyn til at veksten i trafikken i fjor var på 2,5 prosent, har det vore ein svak nedgang i risikoen for personskadar i trafikken. Dette er eit resultat av ei systematisk satsing på trafikktryggleik over fleire år, seier statssekretær Torstein Rudihagen i Samferdselsdepartementet, i ein kommentar til ulykkesstatistikken frå Trygg Trafikk.

Han peikar på at talet på drepne no ligg på det samme nivået som i midten av 50-åra, sjølv om trafikken i denne tida er meir enn tidobla.

-Likevel vil det aldri vere slik at vi kan seie oss heilt nøgde, derfor vil vi i tida framover satse på tiltak over eit vidt felt, mellom anna informasjon, opplæring, overvaking og trafikkontrollar, krav om sikrare kjøretøy, godt vedlikehald av vegane og bygging av betre og tryggare vegar, seier Rudihagen. Han understrekar at ein framleis held fast ved målet som Stortinget har fastsett: Talet på drepne og skadde skal ikkje auke, same kor mykje trafikken veks.

Samferdselsdepartementet arbeider no med Norsk veg- og vegtrafikkplan for perioden 1998-2007. Planen, som skal leggjast fram til våren, vil gi ei oversikt over ulike tiltak som gjeld trafikktryggleik.

Lagt inn 3 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen