Historisk arkiv

Planlegging av Ringeriksbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 62/97
02.09.1997

Planlegging av Ringeriksbanen

Arbeidet med planlegging av Ringeriksbanen er no i gang og blir gjennomført i samsvar med dei føresetnadene som Stortinget har lagt til grunn. Planlegginga omfattar to alternativ. Det eine alternativet tar utgangspunkt i avgreining frå Sandvika og med traséføring vidare mot Hønefoss over Kroksund i Hole kommune. Det andre alternativet gjeld avgreining frå Sandvika med traséføring vidare mot Hønefoss, via Åsa.

Dette opplyser statssekretær Torstein Rudihagen i Samferdselsdepartementet, på bakgrunn av ein del avisoppslag om Ringeriksbanen i det siste.

- Jernbaneverket arbeider no med hovudplanar og konsekvensutgreiingar for dei to alternativa, med sikte på framlegging sommaren 1998. Regjeringa har tidlegare gjort det klart at ein ved tilpassinga av traséføring og plassering av stasjonar på Ringeriksbanen må leggje vesentleg vekt på tiltak for å minske dei negative verknadene for miljø, naturressursar og samfunn. Dette blir følgt opp av Jernbaneverket i den planlegginga som no er i gang, seier statsseketær Rudihagen.

Lagt inn 3 september 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen