Historisk arkiv

Kva er IT og korleis påverkar IT dei funksjonshemma sitt liv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statssekretær Torstein Rudihagen

Kva er IT og korleis påverkar IT dei funksjonshemma sitt liv

Førelesing på seminaret "Mulighetens marked"
Oslo 2. desember 1996

Innleiing

Gjennom historia har ulike teknologiske framsteg medverka til å endre samfunnet vårt. No er det informasjons- og kommunikasjonsteknologien som gjer seg gjeldande på stadig fleire område.

Det vert ofte sagt at denne teknologien er ei drivkraft som vil kunne endre vår kvardag og vårt samfunn like gjennomgripande som den industrielle revolusjon. Revolusjon eller ikkje. Det avgjerande er at det er ei utvikling som gir samfunnet vårt mange nye moglegheiter, samtidig som den gir oss klare utfordringar i høve til sentrale verdiar og rettar i det norske samfunn.

Kva er IT

Grunnlaget for informasjonsteknologien ligg i at både lyd, tekst og bilete vert digitalisert - dvs. at dei vert brotne ned i såkalla "bit" og uttrykt i to tall: 0 og 1. Gjennom dette kan vi bearbeide, lagre og formidle informasjon i store mengder. Enkelt sagt: alt vert data, alt vert digitalisert. Men informasjon i seg sjølv er ikkje det viktigaste. Hovudutfordringa er å omdanne informasjonen til kunnskap.

Datateknologien representerer også ein integrasjon av stadig nye problemfelt. Frå i byrjinga å vere ein reiskap hovudsakleg knytt til vitskapleg arbeid og handsaming av massedata, til i dag også å vere eit massemedium, leikety og eit kommunikasjonsverkty.

Digitaliseringa viskar ut tradisjonelle skiljer mellom media, tele og data, og opnar for nye produkt og tenester som t.d. telemedisin, fjernundervisning mm. Vi har fått nye moglegheiter til kommunikasjon, samstundes som kostnadene ved dette har vore sterkt fallande, teknologien har vorte lettare å bruke og dermed meir tilgjengeleg for fleire.

Det er i netta det skjer. Vi ser no ei rivande utvikling med nye tenester, auka kapasitet og kvalitet. Men enno har vi kome relativt kort i å utnytte moglegheitene som ligg i denne utviklinga. Og det er her dei største utfordringane ligg framover.

Regjeringa sin IT-politikk

Det er dei motstridande trekka som er karakteristisk for utviklinga. Det opnar seg moglegheiter til ny verdiskaping, næringsutvikling, til kunnskapsspreiing og opplæring. Land og regionar vert knytt saman på ein ny måte som kan gi auka forståing for andre folk og kulturar. Den kan styrkje distrikta ved at avstandane får mindre å seie. Det offentlege og næringslivet kan bli effektivisert. Einskildmenneskets moglegheit til demokratisk deltaking kan bli styrkt. Og ikkje minst opnar det seg nye moglegheiter for funksjonshemma til utvida deltaking i arbeids- og samfunnsliv.

Ja, slik kunne eg optimistisk ha fortsett å rekne opp. Men samtidig har utviklinga trekk i seg som fort kan bli svært så negative om vi ikkje er klar over dei og tek omsyn til det i vår politikkutforming. Vi må handtere ei rekkje utfordringar som teknologien reiser i høve til verdiar og rettar som likeverd, like moglegheiter, forbrukaromsyn og personvern, informasjonstryggleik og opphavsrett, norsk språk og kultur.

Debatten og undersøkjingar vi har på gang syner at mange er opptatt av og fryktar dei negative konsekvensane for samfunnet og einskildmennesket. Vi verken kan eller bør skjerme oss for den teknologiske utviklinga, men vi bør så langt som råd er leggje rammer for korleis teknologien skal takast i bruk i det norske samfunnet. Nærare bestemt er vår oppgåve å leggje dei naudsynte rammevilkåra for at utviklinga skal vera i samsvar med dei overordna måla for vår politikk: Eit tryggare og meir rettferdig samfunn med arbeid for alle og auka livskvalitet for det einskilde menneske, slik det er formulert i Regjeringa sitt langtidsprogram.

Arbeidet for å nå desse overordna måla, og heile breidda av spørsmål og utfordringar som utviklinga reiser, har vore utgangspunktet for arbeidet i Statssekretærutvalet for IT.

Hovudmålet med statssekretæutvalet sin rapport "Den norske IT-veien. Bit for bit" har vore å leggje eit grunnlag for Regjeringa sitt arbeid med ein samordna norsk IT-politikk, og medverke til å definere felles mål og prioritering av satsingsområde.

Vi ønskjer å føre ein politikk der Noreg skal ligge i forkant og er i første rekke mellom moderne teknologinasjonar. Dei land, regionar og verksemder som klarer å ta i bruk IT på ein offensiv og positiv måte, har dei beste føresetnadene til auka verdiskaping, sysselsetjing og velferd. Vi må utnytte det rom teknologien gir for verdiskaping og auka livskvalitet, og leggje til rette slik at næringslivet og den einskilde har like gode rammevilkår i Noreg som i andre land.

Men vi må ikkje stirre oss så blinde mot eit stadig jag etter ny vekst og verdiskaping at det vert skapt nye sosiale skiljeliner. Vi er opptatt av at det einskilde mennesket må kunne vere i stand til å tilpasse seg omstilling og samstundes kjenne ein sosial tryggleik i ei tid med stadige samfunnsendringar.

Stadige omstillingar og endra arbeidsinnhald i arbeidslivet gjer det naudsynt å kunne tileigne seg ny kunnskap gjennom heile yrkeskarriera. Livslang læring er difor sentralt i den utviklinga vi ser rundt oss. Alle må få naudsynt og oppdatert kunnskap til å meistre teknologien og ta del i utviklinga.

IT-utviklinga er i høgste grad internasjonal. Problem som tidlegare kunne løysast nasjonalt, må no finne si løysing internasjonalt. Det blir difor viktigare enn tidlegare å delta og arbeide aktivt i internasjonalt samarbeid. Men den norske IT-vegen må først og fremst ta utgangspunkt i våre eigne verdiar og fortrinn.

Utgangspunktet i Noreg for å vere i forkant og dra nytte av teknologiutviklinga burde vere god. Vi har relativt sett høge investeringar i IT- og teleutstyr, enten det vert målt pr. innbygger eller i høve til BNP i heile verda. Vi har og stor utbreiing av informasjonsteknologi både i arbeidsliv og heime hos folk. Når det gjeld infrastruktur er vi og på høgde med det beste i verda. Og minst like viktig: Dei siste åra har vi gått frå å ha dei høgste teleprisane til å vere mellom dei land i verda med lågast teleprisar.

IT som verkemiddel for eit meir ope og tilgjengeleg samfunn

Vi har ingen andre mål for IT-politikken enn for andre politikkområde. IT er et verkemiddel, på line med andre verkemiddel, for å nå mål som er sett innanfor ulike politikkområde. Målet om full deltaking og like rettar for funksjonshemma gjeld også i møtet med datateknologien.

Dersom det blir lagt til rette opnar informasjonsteknologien for eit samfunn som er meir tilgjengeleg for alle, med nye moglegheiter for kommunikasjon, tilpassa arbeidsoppgåver og større livsutfalding.

Dette vil verte demonstrert i stort mon, både i seinare foredrag og i utstillingar her på seminaret. Men lat meg imidlertid ta nokre få eksempel: Auka tilgang på betre og billegare data- og kommunikasjonsløysingar gjer det lettare med aktiv deltaking i heim og skule, og til å utføre arbeid frå heimen i staden for den ordinære arbeidsstaden. Dette kan vere til stor hjelp for alle typar funksjonshemma, anten ein har vore i arbeid eller ein ikkje har kunna delteke i arbeidslivet tidlegare. Noregs forskningsråd har gjennom si satsing på Nasjonale Informasjonsnettverk (NIN) satt i gang eit prosjekt om fjernarbeid, som skal gi oss kunnskap om korleis fjernarbeid kan etablerast som ei god arbeidsform tilpassa norsk arbeidsliv. Prosjektet er utvida til også å omfatte funksjonshemma. Vidare kan elektronisk formidling av t.d. aviser og ulike typar av offentleg informasjon betre dei synshemma sin tilgang til informasjon. Det vert og gjort lettare å fungere på eigne premissar gjennom at innkjøp, kontakt med det offentlege, banktenester og betaling av rekningar kan utførast frå heimen.

Men teknologien kan fungere ekskluderande, t.d. dersom at nye tenester ikkje er tilgjengeleg og tilpassa for funksjonshemma. Erfaring fortel oss at dersom det vert tilrettelagt for funksjonshemma når ein planlegg ei teneste, eller stiller krav om standardar som også tek vare på funksjonshemma sine behov, vil behovet for dyre spesialløysingar og tilpasingar i etterkant verte vesentleg mindre.

Overordna mål for politikken for funksjonshemma

De overordna måla for politikken for funksjonshemmede går fram av fleire stortingsmeldingar, både innan sosial- og helsesektoren og i stortingsmeldingar innan andre sektorar. I St. meld. nr. 23 (1977-78) 'Funksjonshemmede i samfunnet' er målet formulert slik:

"Den enkelte funksjonshemmede skal kunne etablere den livssituasjon han ville hatt hvis han ikke hadde hatt sin funksjonshemning, dvs. leve, arbeide og bo i sitt naturlige miljø, side om side med andre mennesker."

Politikken for funksjonshemma byggjer på prinsippet omintegrering.

Så langt som mogleg bør ordinære ordningar og tenestetilbud leggjast til rette slik at funksjonshemma kan nytte dei, men i nokre tilfelle må ein byggje ut særskilde tiltak, for at det generelle målet om å få leve eit så ordinært liv som mogleg skal kunne verte oppfylt.

Noverande og komande handlingsplan for funksjonshemma

Noverande handlingsplan for funksjonshemma gjeld ut 1997.

I den første handlingsplanen, frå 1990-1993, var IT eit eige satsingsområde. IT-satsinga er også vidareført i noverande plan. Det er gjennomført ei lang rekke mindre prosjekt, og m.a er det sett på informasjonsteknologi i forhold til arbeid, tilrettelegging av informasjon mm. Særleg merksemd har vore retta mot edb-baserte hjelpemiddel.

Som ledd i denne satsinga er det m.a. etablerert to IT-einingar for funksjonshemma, Sunnaas IT-eining (SUITE), som er ferdig med sin prosjektperiode, og som SHD har foreslått vidareført som eit tiltak innanfor dei ordinære budsjettrammene, og Nord-norsk IT-eining (NONITE), som er eit nettverksprosjekt mellom ulike institusjonar i Nord-Norge. Det er også i ferd med å verte bygd opp eit "nettverkssekretariat" som skal medverke til samarbeid mellom IT-einingane og ulike fagmiljø innan medisin, pedagogikk, hjelpemidlar og teknikk.

Ut fra dei signala som har kome frå brukerorganisasjonane er det ingen grunn til å tru at IT-satsinga ikkje vil verte vidareført i handlingsplanen for 1998-2001. Korleis den konkret skal utformast arbeider vi imidlertid med enno.

Teknologien har og forandra seg sidan den første planperioden, slik at vi i dag står ovanfor nye moglegheiter og utfordringar og andre løysingar enn det som har vore aktuelt tidlegare.

Som eit døme på dette kan nevnast at Sintef, no er i ferd med å gjennomføre forprosjektet "Telematikk for funksjonshemmede" - der Funksjonshemmedes Studieforbund er ein samarbeidspartnar. Prosjektet tek sikte på å kartleggje IT- og teleteknologi som eksisterar for funksjonshemma, eller som har innverknad for desse målgruppene. Samtidig skal ein gå nøye gjennom brukargruppene sine ønskjer og behov. Ein tek vidare sikte på å finne fram til nasjonale industriverksemder og forskingsmiljø som er interessert i å utvikle programvare, IT- og telekomløysingar for funksjonshemma. I den samanhengen skal ein undersøkje om det finst internasjonale produkt som kan tilpassast norske tilhøve og behov.

Eg vil og nemne prosjektet "Statlig senter for tekniske hjelpemidler og tilrettelegging av miljø for funksjonshemmede", som Rikstrygdeverket har prosjektleiinga for og som vart starta opp 1. august i år. Senteret vart foreslått oppretta i Regjeringa si velferdsmelding. Prosjektet skal m.a. arbeide med tekniske hjelpemiddel og tilretteleggjing av det fysiske miljøet for funksjonshemma. Det skal også vere eit informasjonssekretariat om IT for funksjonshemma. Senteret skal spreie kunnskap om tekniske og ergonomiske tiltak for funksjonshemma, og råd til forvaltning, fagmiljø, brukarar og industri. Det skal også ta initiativ til forskings- og utviklingsarbeid. Brukarorganisasjonane er representert i styringsgruppa for prosjektet.

Tilrettelegging på samferdselssektoren

På samferdselssektoren har ein, på samme måte som for andre sektorar, eit ansvar for at dei løysningane som vert valt så langt som mogleg også kan tilfredsstille funksjonshemma sine behov.

Poenget er at ein må tenkje tilrettelegging for funksjonshemma i all planlegging av transport og kommunikasjon.

Det gjeld arealplanlegging, infrastruktur som veg, parkering, gang og sykkelvegar, rasteplassar, bygningar som stasjonar, bussterminalar, flyterminalar - ja kort sagt: over heile spektret. Og det gjeld ikkje minst transportmidla enten det nå er buss, tog, ferjer eller fly. Her har det heldigvis vore ein auka forståing og medveten haldning og ei positiv utvikling. Men mykje er ugjort og vi vurderer nå om vi bør nytte forskrifter eller anna lovverk som pålegg utbyggarar og transportørar å oppfylle eit standardkrav til tilgjenge for funksjonshemma. Når det gjeld telesektoren så må tenkinga om å ta omsyn til funksjonshemma vera den same. Teknologien må så langt råd er gjerast tilgjengeleg for funksjonshemma. Dette er ein føresetnad for at moderne teknologi kan gjera livet lettare for funksjonshemma.

Det er nå vedtatt at telemarknaden skal opnast for konkurranse frå 1. januar 1998. Dette vil venteleg medverke til å vidareføre ei utvikling som har gitt store reduksjonar i teleprisane dei siste åra, og som legg til rette for nye tenestetilbod. Hovudmålet for telepolitikken er at alle hushaldningar og verksemder over heile landet skal få grunnleggjande teletenester av høg kvalitet til lågast mogleg pris.

Omfanget av pålagte landsdekkjande tjenester som skal vere tilgjengeleg for alle, vert utvida frå å omfatte offentleg taletelefoni, leigde samband og einskilde datatenester til også å omfatte tilknyting til digitalt nett. Dette opnar for bruk av eit breiare spekter av avanserte teletenester og multimedietenester. Særlege ytingar til funksjonshemma, det vil i dag seie teksttelefon for tale- og hørselshemma og refusjonsordninga for blinde og svaksynte i samanheng med bruk av opplysingstenesta, vert sett på som ein del av telefontenesta - og vil såleis framleis vere ein del av forsyningsplikta. Dette er ei forplikting som har heimel i telelova, og som er lagt inn i den midlertidige konsesjonen til Telenor AS.

For å sikre mest mogleg like konkurransevilkår mellom aktørane etter avviklinga av dei resterande einerettane, er det viktig at byrdene ved å yte pålagte landsdekkjande tenester vert fordelt mellom aktørane. For å sikre dette vil det verte innført ei ordning der underskott knytt til pålagte landsdekkjande tenester vert fellesfinansiert av aktørane i telemarknaden, medan særskilde samfunnspålagte oppgåver vert dekt gjennom statleg kjøp av tenester over respektive brukerdepartement sine budsjett. Eventuelle utvidingar av omfanget av samfunnspålagte oppgåver, herunder ytingar til funksjonshemma ved bruk av teletjenester, må m.a. ta utgangspunkt i desse kostnadsfordelingsmekanismane.

Den teknologiske utviklinga gir mange nye moglegheiter for å dekkje funksjonshemma sine behov for telekommunikasjonstenester. Telenor AS har vore ein aktiv deltakar både innan forskning og konkrete tiltak på dette området, også internasjonalt. Dette gjeld også arbeid med standardisering av teleprodukt for bruk av funksjonshemma, t.d telekort. Når det gjeld ulike prosjekt kan eg kort nemne at Telenor har fullført utviklinga av eit Windows-basert teksttelefonprogram for hørsels- og talehemma. Vidare vert det arbeidd med eit prosjekt m.a i samarbeid med Norges Blindeforbund som først skal kartleggje behovet for og seinare leggje til rette naudsynt programvare, slik at synshemma og blinde kan få tilgang til internett. Telenor utgav somaren 1995 katalogen "Teleprodukter og teletjenester for funksjonshemmede og eldre". Katalogen vart m.a. distribuert til alle hjelpemiddelsentralar, og gir rettleiing om ulike produkt og tenester for funksjonshemma og eldre som gjer det mogleg å kommunisere via telekom. Telenor vil framleis ha ei dominerande rolle i det nasjonale FOU-miljø på tele/IT-sektoren.

Avslutning/oppfølgjing av Bit for bit

Som vi ser utfordrar utviklinga oss på mange område. Vi har prøvd å gripe fatt i desse utfordringane, både i arbeidet med IT-rapporten og i oppfølgjinga etterpå.

IT-rapporten inneheld vel 30 politikkformuleringar og 60 forslag til tiltak for byggje den norske IT-veien. I høyringsrunden var det mange som etterlyste konkret oppfølgjing. Både Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), Rådet for funksjonshemma (RFF) og personar tilknytt E-kom prosjektet kom med sine synspunkt.

Politikk- og tiltakspunkta i rapporten er no til vurdering og oppfølgjing i dei ulike departementa. Departementa er ansvarlege for bruk av IT innanfor eigne ansvarsområde, og må setje dei ulike tiltaka ut i livet og finne rom for desse på sitt budsjett. Når det er sagt, vil eg samtidig understreke at "suksessen" til denne rapporten ikkje kan målast i vekst på budsjettet. Svært mange av tiltaka vil bli følgd opp i form av regelendringar og administrative tiltak som ikkje krevjer bevilgningsmessige utteljingar. Ellers så vil privat sektor også ha ei avgjerande rolle og ansvar for utviklinga.

Politikken på IT-området vil måtte vere dynamisk, men Regjeringa vil gjennom den varsla utgreiinga for Stortinget om IT-politikken trekkje sine førebelse konklusjonar med omsyn til kva som bør vere den "Den norske IT-veien". Ein veg som då vil vere staka ut på grunnlag av rapporten frå Statssekretærutvalet, synspunkt i høyringsrunda, den omfattande debatten som har vore og den konkrete oppfølgjinga som departementa har lagt opp til.

Heilt til slutt vil eg oppfordre dei funksjonshemma og deira organisasjonar til å vere aktivt med i tilpasninga av informasjonsteknologien, og vere med på å utforme krav og løysingar som gir god brukarforankring og som såleis kan vere med på å sikre at dei funksjonshemma som brukargruppe får ta del i dei moglegheitene som vert skapt. Vi imøteser ein god dialog og gode innspel i samanheng med utforminga av IT-satsinga i den nye handlingsplanen for funksjonshemma, og dei framtidige sektorplanane m.a. på samferdselssektoren.

Lagt inn 4 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen