Historisk arkiv

Hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 68
29.9.97

Hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet

Sosial- og helsedepartementet har i samarbeid med Statens helsetilsyn laga eit utkast til forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet med videre. Utkastet har no vorte sendt på høyring.

I tillegg til dei verksemdene som er nevnt i overskrifta, vil forskrifta omfatte andre liknande inngrep. Eksempel på det kan vere burning (svimerking) og scarring (arring), som ofte vert gjort av personar som driv med tatovering. Massasje vert og omfatta, i tillegg til soneterapi. Dei aktuelle verksemdene fører med seg risiko for overføring av smittsame sjukdommar frå ein kunde til ein annan dersom hygienen ikkje er god nok. Departementet fastset difor forskrifta for å sikre ein tilfredsstillande hygienisk standard. Ein vil med andre ord ikkje kvalitetssikre det faglege innhaldet ved det arbeidet som vert utført, og tek for eksempel ikkje stilling til den kunstneriske kvaliteten på ei tatovering.

Forskrifta sett krav til godkjenning av lokala, og til at ein reinsar utstyret på ein hygienisk tilfredsstillande måte. Det vert og stilt hygienekrav til den måten utøvaren arbeider på. Kommunen som skal føre tilsyn med at verksemda følgjer krava i forskrifta.

Den siste tida har det vorte svært populært å tatovere seg. Mindreårige tatoverer seg, noko som mange av dei kan kome til å angre på seinare. Det har og vorte eit problem at personar som er påverka av alkohol tatoverer seg. Det kan framstå som rimeleg at det vert sett ei aldersgrense, og eventuelt eit forbod mot tatovering av personar som er påverka av alkohol. I dag fins det ikkje nokon lovhjemmel til å regulere desse forholda i forskrift. Departementet har bede om synspunkt på kva som bør gjerast i denne samanhengen.

Kontaktpersonar:
Rådgjevar Kjetil Tveitan tlf. 22 24 87 66
Førstekonsulent Tone Harstad tlf. 22 24 86 45

Lagt inn 29 september 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen