Historisk arkiv

Pasienten først! - når sjukehusa skal omorganiserast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 2
21.01.97

Pasienten først! - når sjukehusa skal omorganiserast

- Behova til pasientane må vere utgangspunkt for vala til sjukehusa av organisatoriske løysingar og leiingssystem. Medisinsk-faglege kvalifikasjonar kan ikkje kompensere for manglande reell leiarkompetanse hjå dei som skal leie sjukehusa. Slik konkluderer «Steine-utvalet» som i dag leverte linkdoc030005-020012#docinnstillinga si til helseminister Gudmund Hernes. Utvalet vart sett ned i april for å sjå på den interne organiseringa av sjukehusa.

Sjukehusavdelingar bør ha einskapleg og udelt leiing. Dette vil skape ein klarare ansvarssituasjon enn i dag der det i stor grad vert teke i bruk todelt leiing på avdelingsnivå. Einskapleg leiing bør innførast ved alle sjukehusa i løpet av to år. Dei foreslåtte endringane vil stille krav til ei ny leiarrolle i sjukehusa. Fleirtalet i utvalet meiner at prinsippet om einskapleg leiing bør fastsetjast i forskrift.

Utvalet meiner følgjande bør verte leggjast vekt på ved val av avdelingsleiar på eit sjukehus:

  • Det må stillast krav til at avdelingsleiar skal ha reell leiingskompetanse. Faglege kvalifikasjonar kan same kva ikkje kompensere for manglande reell leiingskompetanse.
  • Det er eit minimumskrav at avdelingsleiar for ei avdeling som driv pasientretta arbeid, har relevant helsefagleg kompetanse.
  • Dersom avdelingsleiar sjølv ikkje har medisinsk-fagleg kompetanse, må det medisinsk-faglege ansvaret plasserast hjå ein annan som har slik kompetanse.

Utvalet har delt seg når det gjeld kor stor vekt det skal leggjast på relevant medisinsk-fagleg kompetanse i forhold til annan helsefagleg kompetanse.

Utvalet meiner den ansvarlege leiinga ved det einskilde sjukehuset sjølv har dei beste føresetnadene for å velje organisatoriske løysingar. Korkje helsepolitiske styringsomsyn eller omsyn til fagleg styring tilseier at fylkeskommunane, departement, regjering eller Storting bør bruke styringsmoglegheitar i forhold til intern organisering i sjukehusa. Mål- og resultatstyring bør vere hovudregelen.

Følgjande overordna prinsipp bør leggjast til grunn ved val av organisatoriske løysingar på sjukehus:

  • Pasienten bør i størst mogleg grad få gjennomførd nødvendig behandling innafor ein organisatorisk einskap.
  • Planlagt verksemd bør i størst mogleg grad verte skjerma frå øyeblikkeleg hjelp.
  • Avdelingane må sikre gode rutinar for kommunikasjon og samhandling med andre einskapar.

Den einskilde einskaps mål og oppgåver må vere klare og synlege for alle medarbeidarane i forhold til den heilskaplege pasientbehandlinga.

Utvalet meiner at organisatoriske endringsprosessar i for liten grad har vore gjenstand for evaluering, og tilråder å bruke 100 millionar kroner for å utvikle meir kunnskap om organisasjonsmodellar som set «Pasienten først».

At ein pasient møter mange ulike medarbeidarar i eit sjukehus, kan gi opphav til avmaktskjensle og uklare førestillingar om kven som har ansvaret for behandlinga. For å bøte på denne veikskapen bør det verte innførd ei ordning med ein pasientansvarleg lege, meiner utvalet. Denne legen skal ha ansvaret for planlegginga av sjukehusopphaldet til pasienten, i tillegg skal legen også vere pasientens faste kontaktpunkt i medisinsk-faglege spørsmål under sjukehusopphaldet. Ordninga bør forskriftsfestast og vurderast innførd i ny lov om spesialhelsetenesta.

Utvalet rår til at det vert gjennomførd ei nasjonal opprusting av dei kontorfaglege støttefunksjonane til sjukehusa, inkludert å byggje ut eit velfungerande IT-system. Dermed vil fagpersonells tid kunne verte frigjort og brukt på direkte pasientretta arbeid. Utvalet meiner det over ein to-treårs periode bør setjast av om lag ein milliard kroner til infrastruktur og utstyr for IT, kompetanseutvikling, etablering og opprusting av stillingar og ei klarare organisatorisk forankring og ansvarsplassering av dei kontorfaglege støttefunksjonane.

Kontaktperson: Utvalsleiar Vidar Oma Steine, tlf 22 17 61 12

linkdoc030005-020012#docNOU 1997:2


Vi minner om reglene for bestilling av NOU 1997:2:

Alle statlige institusjoner får det de måtte ønske av eksemplarer fra Statens trykksakekspedisjon.

Ordfører eller rådmenn i kommuner eller fylkeskommuner kan rekvirere ett eksemplar hver fra Statens trykksakekspedisjon. Utover dette må de kjøpe i Akademika AS, Møllergt. 17, telefon 22 11 67 70.

Statens trykksakekspedisjon
Postboks 8169 Dep.
0034 Oslo
Telefaks: 22 24 27 86

linkurlhttp://www.dep.no/html/nofovalt/offpub/bestil/ophoved.html#url_blankFor bestilling trykk her.

Privatpersoner må kjøpe i Akademika AS.

Lagt inn 21 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen