Historisk arkiv

Nytt Nærings- og handelsdepartement

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Statsministerens kontor

Nytt Nærings- og handelsdepartement

Nærings- og handelsdepartementet (NHD), som det i statsråd i dag vart vedteke å opprette frå 1. januar 1997, tek over det noverande Nærings- og energidepartementet sine oppgåver når det gjeld næringsverksemda. I tillegg vert visse delar av handels-, internasjonaliserings- og skipsfartssakene overførte frå Utanriksdepartementet. Statsråd Grete Knudsen tek over styret av det nye departementet. Nærings- og energidepartementet vert nedlagt frå årsskiftet.

Statssekretærane Nils Amund Røhne og Inger Karin Nerheim er utnemnde til statssekretærar i Nærings- og handelsdepartementet, og dei politiske rådgjevarane Inger Johanne Hovengen og Frode Alfheim er tilsette som politiske rådgjevarar. Departementsråd vil verte utnemnd seinare.

Viktige ansvarsområde for Nærings- og handelsdepartementet vil vere næringsjuridiske spørsmål; industri-, forsynings- og skipsfartsberedskap; nærings- og handelspolitiske spørsmål; spørsmål om næringslivsfinansiering; investerings- og eksportgarantiar; næringspolitiske saker i tilhøve til EU, EØS/ESA, WTO og OECD; bilateralt næringssamarbeid; generelle spørsmål overfor små og mellomstore verksemder og enkeltbransjar; forskings- og utviklingssaker knytt til næringsområdet; og skipsfartspolitikk.

Vidare: offentlege innkjøp; rettleiingsteneste; internasjonale sider ved næringspolitisk strategi; næringsutviklingstiltak overfor utsette regionar i Norge og i Aust-Europa (Baltikum og Nordvest-Russland), etatsstyringsansvar for Patentstyret, Justérvesenet, Statens veiledningskontor for oppfinnere, Norges geologiske undersøkelse, Bergvesenet, Bergmesteren for Svalbard, og Sjøfartsdirektoratet med Skipskontrollen og Skipsregistrene; samt oppfølging av statens sine eigarinteresser i aksjeselskap som er underlagde Næringsdepartementet.

Ved starten vil Nærings- og handelsdepartementet ha fire avdelingar: administrativ og juridisk avdeling, næringsavdelinga, forskingsavdelinga og avdelinga for internasjonalisering og skipsfart.

Lagt inn 20 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen