Historisk arkiv

Nytt Olje- og energidepartement

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Statsministerens kontor

Nytt Olje- og energidepartement

Olje- og energidepartementet (OED), som det i statsråd i dag vart vedteke å opprette frå 1. januar 1997, tek over dei arbeidsoppgåvene i det noverande Nærings- og energidepartementet som gjeld olje-, gass- og energiverksemda. Statsråd Ranveig Frøiland tek over styret av det nye departementet. Nærings- og energidepartementet vert nedlagt frå årsskiftet.

Statssekretær Liv Undheim er utnemnd til statssekretær i Olje- og energidepartementet, politisk rådgjevar Arne Næsheim er tilsett som politisk rådgjevar, og departementsråd Karl-Edwin Manshaus er utnemnd til departementsråd.

Det nye departementet sine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere energi-, vassdrags- og petroleumslovgjevinga; energiøkonomisering, energieffektivisering, fornybare energikilder og miljøspørsmål; konsesjonshandsaming for vasskraftutbygging; konsesjonshandsaming for olje- og gassverksemd; norsk industri sitt engasjement i petroleumsverksemda; samfunnsøkonomiske spørsmål knytte til energisektoren; energispørsmål og samordning av internasjonalt energisamarbeid i Norden, IEA, ECE, OPEC, NATO, EU og EØS; forsking innanfor energi- og petroleumsfeltet; etatsstyringsansvar for Oljedirektoratet og Norges vassdrags- og energiverk; eigaroppfølging av Statoil, Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten, Statnett SF og Statkraft SF; samt olje- og kraftforsyningsberedskapen.

Departementet vil frå starten ha tre avdelingar: administrasjons- og økonomiavdelinga, energi- og vassdragsavdelinga og olje- og gassavdelinga.

Lagt inn 20 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen