Historisk arkiv

Nytt Planleggings- og samordningsdepartement

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Statsministerens kontor

Nytt Planleggings- og samordningsdepartement

Planleggings- og samordningsdepartementet (PSD), som det i statsråd i dag vart vedteke å opprette frå 1. januar 1997, tek over alle arbeidsoppgåvene til det noverande Administrasjonsdepartementet. Statsråd Bendik Rugaas tek over styret av det nye departementet. Administrasjonsdepartementet vert nedlagt frå årsskiftet.

Statssekretær Arve Bakke er utnemnd til statssekretær i Planleggings- og samordningsdepartementet, politisk rådgjevar Heidi Merete Rudi er tilsett som politisk rådgjevar, og departementsråd Brit Denstad er utnemnd til departementsråd.

Det nye departementet sine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere forvaltningspolitikk; interne statlege fellestenester; statleg informasjonspolitikk, innkjøpsstrategi og bygge- og eigedomsforvaltning; statleg arbeidsgjevarpolitikk, inntektspolitikk og levekårsspørsmål; konkurranse- og prispolitikk, samt etatsstyring for fylkesmannsembeta, Statens forvaltningstjeneste, Statens informasjonstjeneste, Statens pensjonskasse, Konkurransetilsynet, Statskonsult og Statsbygg.

I tillegg vil Planleggings- og samordningsdepartementet få oppgåver knytt til nasjonal planlegging og samordning, mellom anna regjeringa sin politikk på informasjonsteknologifeltet (IT).

Departementet vil frå starten ha fem avdelingar: administrasjonsavdelinga, inntektsavdelinga, arbeidsgjevaravdelinga, forvaltningspolitisk avdeling og konkurransepolitisk avdeling. I tillegg vil det verte oppretta ei plan- og samordningsavdeling.

Lagt inn 20 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen