Historisk arkiv

Statsministerens program - uke 28

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

NR: 82/97
4. juli 1997

Statsministerens program - uke 28

Frå måndag kveld 7. til onsdag ettermiddag 9. juli er statsministeren i Madrid, for å leie den norske delegasjonen på NATO-toppmøtet der. Pressekontakt er statssekretær Frøy Kannert. Følgjet bur på Hotel Castellana Intercontinental, telefon 00 34 1 310 0200 - telefaks 00 34 1 319 5853.

Statsministeren møter den norske delegasjonen til toppmøtet måndag kl. 19.00, på hotellet. Kl. 20.00 er han å treffe for norsk presse, same staden. Kl. 21.00 er han gjest ved ein middag som den spanske statsministeren gjev for delegasjonsleiarane.

Tysdag 8. juli frå kl. 09.30 deltek statsministeren i NATO-toppmøtet, i Det kommunale kongresspaléet i Madrid. Han vil vere å treffe for norske pressefolk i kongresspaléet like etter møtet; tid og stad vil verte fastsett i Madrid.

Tysdag 8. juli kl. 17.45 møter statsministeren den britiske statsministeren til politiske samtalar, på Tony Blair sitt hotell - Melia i Avenida de America. Møtet er venta å vare 30-40 minutter. Kl. 21.00 er statsministeren gjest ved ein middag som det spanske kongeparet gjev i samband med NATO-møtet.

Onsdag 9. juli held NATO-toppmøtet fram kl. 09.00, før det er møte mellom delegasjonsleiarane frå NATO- og partnarskapslanda kl. 11.15. Statsministeren vil vere å treffe for norsk presse i kongresspaléet tidleg på ettermiddagen. Seinare på ettermiddagen dreg han attende til Noreg.

Laurdag 12. juli frå kl. 11.00 vitjar statsministeren AUF sin sommarleir, på Utøya i Tyrifjorden.

Lagt inn 4 juli 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen