Statsministerens program - uke 5
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Jagland
Utgiver: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 9/97 | Dato: 24.01.1997 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Priv. til red.:
Statsministerens program - uke 5
Måndag 27. januar kl. 15.00 tek statsministeren imot generalsekretæren i Organisasjonen for europeisk samarbeid og utvikling (OECD), Donald Johnston, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere.
Tysdag 28. januar kl. 12.00 møter statsministeren representantar for miljøorganisasjonane, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere.
Onsdag 29. januar er statsministeren på samrådstur til Lillehammer. Han kjem til Høgskulen på Lillehammer kl. 10.30, der informasjonsteknologi vil vere eit hovudtema. Mellom anna skal Thorbjørn Jagland ha bildetelefon-samtale med Opplæringskontoret i Nord-Gudbrandsdal og lærlinger ved NorDan, studere IT-arbeidet på Høgskulen og svare på spørsmål på internett. Pressefolk får vere til stades under delar av programmet. Etter føremiddagsmat på høgskulen, vitjar Jagland kl. 13.30 studentar som følgjer høgskuleundervisninga ved hjelp av videoførelesningar.
Onsdag 29. januar kl. 14.30 vitjar statsministeren NSB sin billett- og informasjonssentral på Lillehammer. Pressefolk får vere til stades i starten. Kl. 16.10 deltek Jagland i eit innringingsprogram i NRK Oppland si ettermiddagssending.
Onsdag 29. januar kl. 19.30 deltek Jagland i eit møte i RA-Huset på Raufoss, om "Faglig-politisk samarbeid for Det norske Hus".
Fredag 31. januar kl. 15.30 held statsministeren tale på årsmøtet i Norsk Kommuneforbund i Hordaland, på Edvard Grieg Svitell ved Bergen lufthavn Flesland.
Lagt inn 24 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen