Historisk arkiv

Flyforbod mot sudanesiske fly over norsk territorium

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.149/96
15. november 1996

Flyforbod mot sudanesiske fly over norsk territorium

Det vart i statsråd i dag vedteke ei føreskrift som set forbod for sudanesiske fly mot å ta av frå, lande på eller fly over norsk territorium. Føreskrifta er vedteke for å gjennomføre eit vedtak i FNs tryggingsråd, resolusjon nr. 1070 (1996). Føremålet med sanksjonane er å få Sudan til å utlevere tre personar mistenkte for å stå bak attentatforsøket mot Egypt sin president Hosni Mubarak i Addis Ababa 26. juni 1995, og for å presse Sudan til å gje opp all verksemd som kan oppfattast som stønad til terroristhandlingar. Føreskrifta vil tre i kraft så snart FNs tryggingsråd har gjort vedtak om at saksjonane skal iverksetjast.

Lagt inn 15 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen