Historisk arkiv

Utanriksminister Godal fordømer åtak på Røde Kors-sjukehus i Tsjetjenia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 166/96
17. desember 1996

Utanriksminister Godal fordømer åtak på Røde Kors-sjukehus i Tsjetjenia

- Det er med djup sorg og forferding vi har motteke meldinga om drapet på to norske og fire utanlandske hjelpearbeidarar ved Det internasjonale Røde Kors-sjukehuset i Tsjetjenia. Dette er eit av dei verste anslag mot norsk og internasjonalt hjelpearbeid nokon sinne, seier utanriksminister Bjørn Tore Godal. - Vi fordømer ugjerninga på det skarpaste. Alt må gjerast for å finna, og stilla gjerningsmennene til ansvar, seier utanriksministeren.

- Gjerningsmennene har påteke seg eit tungt ansvar for det alvorlege humanitære tilbakeslaget vi no opplever i eit område der ti-tusener har mist livet i den blodige konflikten og der sivilbefolkninga framleis har eit desperat behov for hjelp, seier utanriksminister Godal.

Utanriksministeren sender i dag sine kondolansar til familiane til dei to norske hjelpearbeidarane.

Feltsjukehuset i Tsjetjenia var delfinansiert frå norsk side. Utanriksdepartementet har tilsaman støtta prosjektet med 4.2 millionar kroner i år.

Lagt inn 17 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen