Historisk arkiv

- Utviklinga av nye tryggingsstrukturar i Europa kan gje grunnlag for ytterlegare nedrusting, seier statssekretær Siri Bjerke i UD

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.:/97
20. mars 1997

- Utviklinga av nye tryggingsstrukturar i Europa kan gje grunnlag for ytterlegare nedrusting, seier statssekretær Siri Bjerke i UD

  • Utviklinga av nye tryggingsstrukturar kan gje grunnlag for ytterlegare nedrustning i Europa. Nye samarbeidsordningar skaper auka stabilitet og større tryggleik for alle, sa statssekretær Siri Bjerke i UD i det norske hovedinnlegget i Nedrustningskonferansen i Geneve i dag.

Statssekretær Bjerke tok til orde for ein snarleg oppstart av nye forhandlingar om reduksjonar av dei strategiske atomvåpna utover det USA og Russland er samde om i START II, og som i tillegg inkluderer dei andre kjernevåpenmaktene. - Nedrustningsprosessen for dei korttrekkjande taktiske atomvåpna må vidareførast med ytterlegare reduksjonar og øydelegging av desse våpna, sa Bjerke.

  • Det må no innleiast forhandlingar om ein avtale som forbyr produksjon av spaltbart materiale til våpenproduksjon, sa statsekretær Bjerke og understreka betydninga av auka innsyn i atommaktene sine lager av spaltbart kjernefysisk materiale.- Som eit første steg bør atommaktene leggja fram detaljert informasjon om sine lager av plutonium og høganrika uran.
  • Ei sikker og miljømessig forsvarleg handtering av kjernefysisk materiale som eit resultat av nedrustingsprosessen, må inn som eit sentralt element i nedrustingsarbeidet, sa statssekretær Siri Bjerke og peika på at dette er ei av dei største miljømessige utfordringane vi står overfor internasjonalt. I denne samanheng viste ho til Regjeringa sin handlingsplan om atomtryggleik som eit viktig verkemiddel for auka internasjonalt samarbeid om dei miljømessige sider ved nedrustingsarbeidet.

Statssekretær Bjerke framheva i innlegget sitt og dei menneskelege lidingar som dagleg er forårsaka avbruk av anti-personellminer. Ho understreka betydningen av å få på plass ein avtale som forbyr produksjon, overføring, lagring og spesielt bruk av desse våpna. - Ein slik avtale vil kunna medverka til ei ny internasjonal norm og eit forsterka politisk press mot bruk og produksjon av ein våpentype som i hovedsak rammar uskuldige sivile, sa statssekretær Siri Bjerke.

Utanriksdepartementet, 20. mars 1997

Lagt inn 20 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen