Historisk arkiv

Avtale om økonomisk samarbeid mellom Noreg og Vietnam

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 42/97
Dato: 11. april 1997

Avtale om økonomisk samarbeid mellom Noreg og Vietnam

Regjeringa har i dag vedteke å underteikne ei avtale om handel og økonomisk samarbeid mellom Noreg og Vietnam.

Noregs økonomiske samkvem med Vietnam er aukande. Vietnam er enno ikkje medlem av Verdas handelsorganisasjon, WTO, og ein treng difor eit rammeverk for samhandel og økonomisk samband mellom dei to landa.

Føremålet med avtalen er å fremje utviklinga av handel og økonomisk samband mellom Noreg og Vietnam. Den gjev óg nærare reglar for utveksling av varer og tenester mellom partane.

Lagt inn 11 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen