Historisk arkiv

Noreg underteiknar tilleggsprotokoll til Den europeiske sosialpakt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.18/97
28. februar 1997

Noreg underteiknar tilleggsprotokoll til Den europeiske sosialpakt

Regjeringa har i dag vedteke å underteikne Tilleggsprotokollen av 9 november 1995 til Den europeiske sosialpakt av 18 oktober 1961.

Sosialpakta fastset ei rekke sosiale rettar for borgarar, blant anna rettar knytt til arbeidstilhøve. Tilleggsprotokollen fastset eit system for kollektive klager over bruken av Sosialpakta. Ved å opne for ein rett til å klage for partar i arbeidslivet og andre organisasjonar, vonar ein at desse rettane vil bli gitt større merksemd enn i dag. Liknande rett til å klage finst elles i ILO-konvensjonar. Ein vonar også at erfaringsgrunnlaget for overvakingsorgana til Sosialpakta vil auke. Dette grunnlaget er til no berre grunna på styresmaktene sine rapportar.

Tilleggsprotokollen er utarbeidd av ein komité nedsett av Europarådets Ministerkomité. Kommunal- og arbeidsdepartementet som koordinerar arbeidet med Sosialpakta, representerte Noreg i komitéen.

Lagt inn 28 februar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen