Historisk arkiv

Norge arrangerer konferanse om forbod mot antipersonellminer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 45/97
14. april 1997

Norge arrangerer konferanse om forbod mot antipersonellminer

  • Norge vil i september arrangera ein større internasjonal konferanse i Oslo i arbeidet med å koma fram til ein avtale som forbyr antipersonellminer. Det opplyste utanriksminister Bjørn Tore Godal i ein tale på landsmøtet i Norsk nærings- og nytelsesmiddelforbund i Oslo i dag.
  • Bruk av antipersonellminer mot sivilbefolkninga er eit av vår tids største humanitære problem, sa utanriksminister Godal og tok til orde for ei snarleg inngåing av ein internasjonal avtale om totalforbod mot denne type miner.

Norge deltar i ei kjernegruppe på 11 land som har ein særleg pådrivarrolle i forhandlingane. Møtet i Oslo har som mål å koma fram til ein ferdig avtaletekst som så kan underteiknast i Ottawa innan utgangen av året.

Konferansen vil samla deltakarar frå over 100 land og vil truleg strekkja seg over 2 veker.

Utanriksdepartementet, 14. april 1997

Lagt inn 14 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen