Historisk arkiv

Norge gjev 40 millionar til humanitær hjelp i Zaire

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 46/97
14. april 1997

Norge gjev 40 millionar til humanitær hjelp i Zaire

Norge har som svar på ein appell frå FN, i løpet av dei siste dagane sett av 40 millionar kroner i naudhjelp til flyktningar og internt fordrevne i Zaire og nabolanda rundt Dei store sjøar i Sentral-Afrika. Midlane er fordelte med 30 millionar kroner til FNs høgkommissær for flyktningar, 5 millionar til UNICEF og fem millionar til Verdas Matvarefond. Hjelpa vil vera eit viktig bidrag til Høgkommissæren si planlagde repatriering av dei rwandesiske flyktningar som framleis er i Zaire, og som har akutt trong for medisinsk hjelp.

Norge vil og gje støtte til den luftbrua som Den internasjonale Raude Kross-komiteen i samarbeid med Norges Raude Kross, er i ferd med å oppretta for å evakuera intern-flyktningar i Zaire bort frå dei krigsramma områda.

Utanriksdepartementet, 14. april 1997

Lagt inn 14 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen