Historisk arkiv

Norge og Kina drøftar menneskerettar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 30/97
14. mars 1997

Norge og Kina drøftar menneskerettar

Utanriksminister Bjørn Tore Godal skal måndag 17. mars opna ein norsk-kinesisk høgnivåkonferanse om rettsstaten og menneskerettar. Konferansen er den første i sitt slag mellom Kina og eit anna land.

Høgnivåkonferansen er eit ledd i ein dialog mellom norske og kinesiske styresmakter om demokrati, menneskerettar og grunnleggjande rettsstatprinsipp. Det er meininga at dialogen skal utvidast til å omfatta samarbeid mellom norsk og kinesisk høgsterett, påtalemakt og advokatforeiningar.

Frå norsk side vil drøftingane bli leia av statssekretær Jan Egeland i Utanriksdepartementet og statssekretær Berit Reiss-Andersen i Justisdepartementet. Den kinesiske delegasjonen blir leia av visejustisminister Zhang Xiufu. Representantar for Høgsterett, påtalemakt og advokatforeiningane deltar og i delegasjonane.

Opninga av konferansen finn stad måndag 17. mars kl. 09:00 på Holmenkollen Park Hotell og er open for media.

Utanriksdepartementet, 14. mars 1997

Lagt inn 14 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen