Historisk arkiv

Regjeringa ettergjev gjeld for Benin og Tanzania

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 133/97
26.09.1997

Regjeringa ettergjev gjeld for Benin og Tanzania

Regjeringa vedtok i Statsråd 26.september å ettergje om lag 110 mill kroner av Benin si gjeld til Noreg, og vedtok samstundes ei gjeldslette for Tanzania på om lag 30 mill kroner.

Vedtaket for Benin byggjer på ein tidlegare avtale i Parisklubben der landet vart gitt ei gjeldsavskriving på 67 pst. ovafor dei statlege kreditorane. Regjeringa har også tidlegare gitt gjeldslette til Benin, og gjelda til Noreg utgjer no om lag 225 mill kroner. Gjelda var opphavleg meir enn 600 mill kroner.

Gjeldsletta for Tanzania utgjer ein reduksjon på 67 pst. av renter og avdrag fram til slutten av 1999. Det er lagt opp til at landet frå og med dette tidspunktet vil kunne få ei gjeldslette i Parisklubben på 67 pst for heile den uteståande gjelda.

For Benin inneber avtalen ein reduksjon av heile gjelda, og det er ikkje lagt opp til ytterlegare gjeldslette frå Parisklubben si side.

Begge landa har i dei seinare åra vore inne i ei positiv økonomisk utvikling.

Det Kgl. Utanriksdepartement, 26. september 1997

Lagt inn 29 september 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen