Historisk arkiv

Statssekretær Siri Bjerke til Tyrkia for politiske samtalar.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 41/97
7. april 1997

Statssekretær Siri Bjerke til Tyrkia for politiske samtalar.

Statssekretær Siri Bjerke i Utanriksdepartementet reiser 8.- 10. april til Ankara for politiske samtalar. Det er det første besøket på politisk nivå mellom dei to utanriksdepartementa sidan 1991. Statssekretær Bjerke skal under besøket bl.a. møta sin kollega statssekretær Onur Øymen i det tyrkiske utanriksdepartementet samt andre representantar for tyrkiske styresmakter. Samtalane vil konsentrera seg om NATO-spørsmål, europeiske samarbeidsspørsmål, situasjonen i regionen og menneskerettar.

Statssekretæren skal og ha samtalar med menneskerettsorganisasjonar, fagforeiningsrepresentantar, representantar for ulike politiske parti, journalistar og vitja eit antitortursenter.

Statssekretær Bjerke vil understreka at Norge ønskjer ein løpande dialog både med tyrkiske styresmakter og ulike menneskerettsorganisasjonar og vil invitera til regelmessige ekspertmøte om menneskerettsspørsmål.

Lagt inn 7 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen