Historisk arkiv

Styrking av private investeringar i dei fattigaste landa.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 69/97
9. mai 1997

Styrking av private investeringar i dei fattigaste landa.

Regjeringa vedtok i dag samansetninga av styret i Statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland (Norfund). Føremålet med Fondet er å medverke med eigenkapital, lån og garantiar til utvikling av lokalt næringsliv i utviklingslanda. Advokat Arve Johnsen vert leiar av styret. Med seg i styret får han elles rådgjevar Borger A. Lenth i Kreditkassen, lege Sigrun Møgedal ved Diakonhjemmet internasjonale senter, leiar for eininga for utviklingshjelpmarknaden i Noregs Eksportråd Gunn Wenche Andersgaard og underdirektør Åslaug M. Haga i Utenriksdepartementet. Regjeringa har i same statsråd vedteke at Norfund si verksemd formelt vil tre i kraft frå 1. juni i år.

- Eg håpar at Norfund vil føre til auka investeringsaktivitet i dei fattigare utviklingslanda som i dag har vanskar med å trekke til seg kapital, seier statsråden for utviklingshjelp, Kari Nordheim-Larsen. Fondet skal i første rekkje stimulere til norske investeringar i fattige land. Fondet kan også gå inn i lokale finansinstitusjonar i utviklingsland for å styrke dei som finanskjeldar for små og mellomstore lokale prosjekt.

Nordheim-Larsen strekar under at Norfund vil kunne styrke samarbeidet mellom norske investorar og internajonale utviklingsbankar.

Det Kgl. Utenriksdepartement, 9. mai 1997

Lagt inn 9 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen