Historisk arkiv

Utanriksminister Godal fordømer bombeattentat i Tel Aviv.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 36/97
21. mars 1997

Utanriksminister Godal fordømer bombeattentat i Tel Aviv.

Utanriksminister Bjørn Tore Godal fordømer i ei fråsegn bombeattentatet i Tel Aviv i dag der fire menneske vart drepne og mange såra.- Vi er opprørde og forferda over ei slik terrorhandling mot uskuldige sivile, seier utanriksministeren. Godal har i dag på vegne av regjeringa sendt kondolansetelegram til den israelske utanriksminister David Levy der han uttrykker sin djupaste sympati med dei etterlatne.

- Ekstremistiske krefter må ikkje få lov til å avspora fredsprosessen gjennom slike handlingar, seier utanriksminister Godal.

Lagt inn 21 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen