Historisk arkiv

Utanriksminister Godal med appell til partane i Midt-Austen om å gjenoppta fredsprosessen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.:115/97
11. august 1997

Utanriksminister Godal med appell til partane i Midt-Austen om å gjenoppta fredsprosessen.

Utanriksminister Bjørn Tore Godal rettar i brev til president Yasir Arafat og sin israelske kollega David Levy ein inntrengande appell til partane i Midt-Austen om å gjenoppta fredsprosessen. - Terroriståtaket i Jerusalem nyleg var truleg nøye planlagt for å hindra framgang i fredsprosessen og forverra forholdet mellom israelarar og palestinarar. Vi må ikkje tillata terroristane å oppnå sine destruktive målsetjingar, seier utanriksminister Godal.

Utanriksministeren skriv i brevet til president Arafat at terroriståtaket og dei israelske mottiltaka har ført til ei alvorleg krise i fredsprosessen. - Alle partar må no treffa dei nødvendige tiltak for å redda fredsprosessen. Godal ber Arafat innstendig om å gjera sitt ytste i kampen mot terrorisme og gjenoppta tryggingssamarbeidet med Israel så snart som mogeleg. Israel må på si side heva grensestenginga og gjenoppta det økonomiske samarbeidet.

I brevet til utanriksminister David Levy uttrykker Godal forståing for den vekt Israel legg på tryggleiken og viser til at han mange gonger har understreka overfor Arafat betydningen av å gjera alt han kan for å bekjempa terrorisme. Utanriksminister Godal uttrykker likevel uro over den økonomiske situasjonen i dei palestinske områda på grunn av dei israelske mottiltaka. - Ei ytterlegare svekking av den palestinske økonomien kan føra til endå meir uro og vald, seier Godal.

Utanriksministeren rettar ei bøn til israelske styresmakter om å letta på grensestenginga og medverka til å sikra økonomisk og sosial stabilitet i dei palestinske områda. - Palestinarane må samstundes gjera alt for å hindra terrorisme. Dette saman med ei rask gjenopptaking av fredsforhandlingane vil demonstrera at terrorisme ikkje bare er moralsk uakseptabelt men og nyttelaust som politisk verkemiddel. Norge er klar til å medverka aktivt i denne prosessen, skriv utanriksminister Bjørn Tore Godal.

Brevet til president Arafat vart overlevert av Utanriksdepartementets Midt-Austen-koordinator Mona Juul søndag og til David Levy i dag.

Utanriksdepartementet, 11. august 1997

Lagt inn 11 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen