Historisk arkiv

Vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 107/97
18. juli 1997

Vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar.

Regjeringa har i dag vedteke å ratifisere Konvensjon av 29. mai 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar, vedteke av Haagkonferansen for internasjonal privatrett. Noreg underteikna konvensjonen 20. mai 1996 og Stortinget gav sitt samtykke til ratifikasjon 18. juni 1996. Konvensjonen medverkar til å sikre barns interesser og skal hindre kjøp og sal av barn ved adopsjon over landegrensene.

Konvensjonen er no underteikna av 30 land, og 15 av desse landa har ratifisert.

Konvensjonen er tufta på prinsippa i FNs barnekonvensjon, og har følgjande føremål:

  • å tryggje at internasjonale adopsjonar berre finn stad til beste for barna og at dei tek omsyn til deira grunnleggjande rettar,
  • å skape eit system for samarbeid mellom landa for å hindre bortføring av eller handel med barn,
  • å sikre at landa godkjenner adopsjonar som er gjort i medhald av konvensjonen.

Konvensjonens føremål og system er godt tilpassa norsk lovgjeving om adopsjon og administrativ praksis i slike saker. Våre strenge og grundige rutiner for førehandsgodkjenning av adopsjonssøkjarar oppfyller garantiane for tryggjing som er fastsette i konvensjonen. Det er i dag tre foreningar som driv aktiv formidling av adopsjon med løyve frå styresmaktene og under deira tilsyn.

Lagt inn 18 juli 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen