Historisk arkiv

Betre kostnadsstyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 47/2000
Dato: 04.10.2000

Betre kostnadsstyring

Regjeringa ønsker ikkje å gå inn i nye offentlege byggeprosjekt som resulterer i store kostnadsoverskridingar. –Vi foreslår derfor å løyve tilstrekkelege midlar til forprosjektering for å få fram dei faktiske kostnadene og unngå overraskingar når byggeprosessen er kommen så langt at det er for seint å snu, seier arbeids-og administrasjonsminister Jørgen Kosmo.

- Det vi har lært, både av bygginga av Rikshospitalet og restaureringa av Slottet, er at det ikkje er gjort godt nok arbeid i forkant. Ved å leggje litt meir både av tid og pengar i forprosjekteringa kunne nok mye vore spart. Derfor ønskjer vi nå å gjere ein betre kartleggingsjobb i forkant både når det gjeld nybygg av kretsfengselet i Tromsø og ombyggings- og restaureringsarbeida på Urbygninga ved Universitetet i Oslo og nye underjordiske magasin for Nasjonalbiblioteket i Oslo, seier Kosmo.

Komplisert

Regjeringa foreslår ei startløyving på 5 millionar kroner til Tromsø kretsfengsel, 20 millionar til Urbygninga ved Universitetet i Oslo og 12 millionar kroner til Nasjonalbiblioteket.

- Særleg ombyggings- og restaureringsprosjekt er kompliserte prosessar. Vi har lært mye av arbeida på Slottet og tar med oss erfaringane derfrå. Vi ønskjer nå å ha prislappen klar før vi går i gang med store byggeprosjekt i offentleg regi. God planlegging vil også ofte ha som verknad at det reduserer dei totale kostnadene ved at det blir lagt eit optimalt løp fram mot ferdigstilt bygg, seier statsråd Jørgen Kosmo.

Regjeringa vil så komme tilbake med forslag til kostnadsramme i samband med revidert nasjonalbudsjett neste vår.