Historisk arkiv

Gunstig arbeidsmarknad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.:

39/2000

Dato:

04.10.2000

Kontaktperson:

Fung. ekspedisjonssjef Marit Hult 22 24 47 38

Gunstig arbeidsmarknad

Situasjonen på arbeidsmarknaden i Noreg er gunstig. Vi har ein av dei høgaste yrkesfrekvensane i OECD, berre slått av Island og Sveits, og den nest lågaste arbeidsløyseprosenten, slått av Luxemburg.

Den relativt låge andelen langtidsledige er særleg slåande når vi samanliknar oss med andre land. I Noreg har 25 prosent av dei ledige vore utan arbeid i meir enn seks månader. Gjennomsnittet i OECD er 63 prosent. Om lag halvparten av dei arbeidsledige har vore utan arbeid i under to månader. Det er særleg i aldersgruppa over 50-60 år ein finn langtidsledige.

Jamt fordelt

Med unntak av Finnmark er det relativt små forskjellar i arbeidsløysa på landsbasis. Blant dei 435 kommunane her i landet er det berre 21 der den registrerte arbeidsløysa er på over fem prosent. 11 av desse kommunane ligg i Finnmark.

I motsetning til i dei fleste andre land, er det lågare arbeidsløyse blant kvinner enn blant menn i Noreg.