Historisk arkiv

Odin kjem i ny drakt - invitasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 25/2000
Dato: 16.06.00

Invitasjon

Odin kjem i ny drakt

ODIN, den sentrale informasjonstenesta på Internett for regjeringa og departementa, har vore gjennom ei omfattande oppgradering. Dei viktigaste elementa er ei ny teknisk plattform og at delar av ansvar og arbeid nå er desentralisert til departementa. Relanseringa vil bli markert i eit symposium måndag 19 juni i auditoriet i Akersgata 59 (R5) klokka 14.00. Tenesta blir å finne påhttp://odin.dep.no

Odin blei lansert som et prøveprosjekt 1. august 1995. Tenesta blei gjort permanent januar 1997. Ei seinare evaluering avdekte at Odin var mye brukt og at brukarane gjennomgåande var godt fornøgde. Men evalueringa avdekte også manglar som det ikkje let seg gjere å bøte på med den tekniske løysinga Odin bygde på. Organiseringa av arbeidet var heller ikkje optimal.

Regjeringa vedtok derfor at Odin skulle utviklast vidare, men samtidig oppretthaldast som den sentrale og felles vevtenesta frå departementa og SMK. Her skal brukarane kunne få tak i informasjonen på ein heilskapleg og effektiv måte. Formålet med vidareutviklinga var å gjere Odin i stand til å dekkje dei krav og forventningar brukarane og innhaldsleverandørane har til slike tenester. Odin skal både vere ei drivkraft og eit verktøy som vil gjere at departementa aktivt vil utnytte dei mulegheitene som ligg i Internett, slik at meir offentleg informasjon og fleire interaktive tenester frå departementa kjem raskt på nettet.

Vidareutviklinga omfattar to hovudelement: utvikling av ei ny teknisk plattform og ei desentralisering av arbeidet.

Formålet med å desentralisere ansvaret for publisering til kvar enkelt innhaldsleverandør har vore å tydeleggjere eigarskapen til innhaldet og samtidig tilføre meir ressursar til Odin-arbeidet totalt. Samtidig vil eit tettare eigarforhold truleg også auke kvaliteten og føre til at publiseringa blir meir i tråd med dei behov målgruppene har. Statens forvaltningsteneste (Ft) har som før det operative ansvaret for at tenesta fungerer etter formålet og for å publisere fellesinformasjon på Odin.

Arbeidet med vidareutviklinga har vore omfattande og involvert svært mange aktørar, både i Ft, i departementa og ei rekkje eksterne konsulentar. Arbeids- og administrasjons-departementet som har det overordna ansvaret for tenesta og vidareutviklinga, ønskjer å takke dei som har tatt del i arbeidet ved å arrangere eit symposium i tilknyting til relanseringa. Invitasjonen til markeringa er lagt ved, og pressa blir invitert til å delta.

Kontaktperson: Rådgivar Tone Bringedal, tlf 2224 4995

Vedlegg: linkdoc108267#docInvitasjon til lanseringen av nye Odin