Historisk arkiv

Startskott for offentlege servicekontor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 46/2000
Dato: 04.10.2000
Kontaktperson: Rådgivar Tore Simonsen, 2224 4990

Startskott for offentlege servicekontor

Neste år markerer startskottet for etablering av offentlege servicekontor her i landet. Akershus fylke er først ute og målet er at alle kommunane i fylket skal ha etablert offentleg servicekontor innan 1.11.01.

Det finst allereie offentlege servicekontor i ei eller anna form i om lag 20 kommunar rundt i landet. Regjeringa legg nå opp til at heile landet skal få dette tilbodet; ei dør, eitt nummer. Trygdeetaten, skatteetaten og arbeidsmarknadsetaten vil samarbeide slik at publikum skal få eit samla tilbod på ein stad.

Positive kommunar

Ei rekkje kommunar har vendt seg til Arbeids- og administrasjonsdepartementet og sagt seg interesserte i å etablere offentlege servicekontor.

- Folk er for lengst lei av å måtte løpe frå kontor til kontor og på kryss og tvers mellom dei ulike etatane. Ofte utan å få svar på det ein er ute etter, seier arbeids- og administrasjonsminister Jørgen Kosmo.

Noko av det grunnleggjande bak å samkjøre dei offentlege ressursane er ikkje minst å sørgje for at tenestetilbodet blir oppretthalde og styrkt i distrikta. Ordninga har ein klar distriktsprofil, understrekar statsråden.

- Etablering av offentlege servicekontor er først og fremst eit tiltak for å yte betre, raskare og enklare service og tenester til befolkninga. Vi ventar oss i tillegg gevinstar i form av betre samarbeid og koordinering mellom dei ulike statlege etatane. Vidare trur vi samarbeidet mellom kommunale og statlege etatar kan styrkjast og vidareutviklast med servicekontora som eit slags nav i samarbeidet, seier statsråd Kosmo