Historisk arkiv

Støtte til livsopphald ved utdanningspermisjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 55/2000
Dato: 08.11.2000

Støtte til livsopphald ved utdanningspermisjon

AAD har sett ned eit utval for å greie ut støtte til livsopphald ved utdanningspermisjon for tilsette i arbeidslivet. Utvalet er sett saman av partar frå arbeidslivet samt representantar frå ulike departement. Inntektsavdelinga i AAD skal leie sekretariatet.

Mandat

Utvalet skal med bakgrunn i riksmeklingsmannens brev til statsministeren av 8. mai 2000 og svaret frå statsministeren av 9. mai samt tidlegare arbeid vedrørande kompetansereforma, utarbeide forslag til modellar for finansiering av livsopphald ved utdanningspermisjon som skal gjelde heile arbeidslivet.

I store delar av arbeidslivet er det allereide i dag ei omfattande verksemd innan kompetanseoppbygging. Ved utforminga av ei ordning for støtte til livsopphald ved utdanningspermisjon skal utvalet blant anna vurdere

  • korleis ei ordning kan gjerast gjeldande for heile arbeidslivet
  • korleis sikre at ei ordning er godt tilpassa behova i alle delar av arbeidslivet
  • kva for kriterium som skal liggje til grunn for finansieringa av ei ordning
  • kva for kriterium som skal liggje til grunn for å motta støtte frå ei ordning
  • kven som skal administrere ei ordning
  • korleis hindre at verksemdsspesifikke kostnader blir overførte til ei ordning
  • korleis sikre at ei ordning ikkje tar over ansvaret til Statens Lånekasse for utdanning
  • korleis sikre at ei ordning ikkje medverkar til at ungdom utset førstegangsutdanninga

Utvalet skal vurdere administrative og økonomiske konsekvensar av forslag utvalet kjem med.

Fristen for utvalet sitt arbeid er sett til 1.07.2001 .

Medlemmer av utvalet:

Fylkesmann Sigbjørn Johnsen, leiar av utvalet,
utredningssjef Anders Kleppe, Akademikerne,
LO-sekretær Per Gunnar Olsen, Landsorganisasjonen i Norge,
forbundssekretær Benedikte Sterner, Landsorganisasjonen i Norge,
politisk rådgivar Wenche Paulsrud, Yrkesorganisasjonenes Hovedorganisasjon,
spesialrådgivar Klemet Aaby, Kommunanes Sentralforbund,
fagsjef Einar Røsås, Næringslivets Hovedorganisasjon,
direktør Sigrun Vågeng, Næringslivets Hovedorganisasjon,
advokatfullmektig Bjørn Thore Hansen, Handels og Servicenæringens Hovedorganisasjon,
avdelingsdirektør Randi Stensaker, Arbeids- og administrasjonsdepartementet,
underdirektør Inge Skeie, Finansdepartementet,
avdelingsdirektør Aud Inger Andersen, Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet,
rådgivar Eli Jarbo, Kommunal- og regionaldepartementet.