Historisk arkiv

Ungdom og langtidsledige blir prioriterte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.:

41/2000

Dato:

04.10.2000

Kontaktperson:

Fung. ekspedisjonssjef Marit Hult 22 24 47 38

Ungdom og langtidsledige blir prioriterte

Langtidsledige og ungdom er prioriterte grupper ved inntak på arbeidsmarknadstiltak, seier arbeids- og administrasjonsminister Jørgen Kosmo Der formidling til ordinært arbeid for desse gruppene ikkje fører fram, er kvalifisering og arbeidstrening viktig for å betre utsiktene til arbeid.

Aetat vil føre vidare samarbeidet med den fylkeskommunale oppfølgingstenesta om å gi eit tilbod til ungdommar som ikkje deltar i vidaregåande opplæring.

15.000 langtidsledige

Det er registrert om lag 15.000 personar som har gått ledige i meir enn seks månader. Desse utgjer omlag ein fjerdedel av alle ledige.

– I internasjonal målestokk er dette eit lågt tal, men vi vil halde fram med å føre ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk også overfor ungdom og langtidsledige, slik at viktige arbeidsressursar kan mobiliserast, seier Jørgen Kosmo.