Historisk arkiv

Sjukefråværet i staten aukar framleis i 3. kvartal 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 15/2001
Dato: 13.03.01

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Finn Melbø, tlf 2224 4880 eller rådgivar Merete Sandstad, tlf 2224 4904

Sjukefråværet i staten aukar framleis i 3. kvartal 2000

Sjukefråværet i staten 3. kvartal 2000 låg på 5,7 prosent. I same kvartal året før låg sjukefråværet på 5,4 - ein auke på 5,2 prosent. Kvinner har eit sjukefråvær på 7,3 prosent, mens tilsvarande tal for menn er 4,2 prosent.

For heiltidstilsette er sjukefråværet på 5,4 prosent fordelt med 7,1 prosent for heiltidstilsette kvinner og 4,4 prosent blant heiltidstilsette menn. For deltidstilsette er sjukefråværet 7,8 prosent fordelt med 8,4 prosent for kvinner og 5,6 prosent for menn. For både heiltids- og deltidstilsette, kvinner og menn er det ein reduksjon i det mellomlange sjukefråværet (1-14 dager), mens fråværet over 14 dager aukar.

Når det gjeld departementsområda (omfattar departementa og underliggjande etatar) registrerer fem ein nedgang i sjukefråværet. Dei andre registrerer ein auke. Når det gjelder fagdepartementa er det 7 som registrerer nedgang, og like mange som registrerer ein auke. For fagdepartementa under eitt er det ein ørliten reduksjon. I 3. kvartal 2000 er sjukefråværet for fagdepartementa på 3,2 prosent, mot 3,3 prosent i same kvartal året før. Blant statlege verksemder med meir enn 1500 tilsette er det seks som registrerer ein reduksjon i sjukefråværet.

Arbeids- og administrasjonsminister Jørgen Kosmo er uroleg over at veksten i sjukefråværet, også i staten, ikkje ser ut til å stoppe opp med det første.
- Inntil vidare må vi avvente Sosial- og helsedepartementets behandling av NOU 27:2000 Sjukefråvær og uførepensjonering, men vi har store forventningar til forslaget til overordna strategi som blir lagt fram, seier Kosmo.