Historisk arkiv

Kvalitetsreforma - brosjyre nyn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Kvalitetsreforma

I juni vedtok Stortinget ei omfattande reform av den høgre utdanninga på bakgrunn av ei stortingsmelding frå regjeringa. Denne brosjyren gjer greie for måla med reforma og informerer om kva endringar du som student kjem til å oppleve.

Den høgre utdanninga i Noreg står overfor store endringar. Tettare oppfølging av studentane, tilbakemelding gjennom heile studieåret, høve til utanlandsopphald og eit lyft i studiefinansieringa er nokre av forbetringane Stortinget har vedteke. Denne brosjyren gir deg informasjon om kvalitetsreforma og fortel deg kvar du kan få vite meir. Eg håper du som student får nytte av forbetringane, og at du engasjerer deg i gjennomføringa av reforma. Lukke til med studiane!

Trond Giske
Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister

BETRE STUDIEKVALITET

Det skal vere høg kvalitet på utdanninga ved norske universitet og høgskular. Utdanninga skal vere forskingsbasert, og det vil bli lagt vekt på å bruke varierte og oppdaterte undervisningsmetodar.

For at studentane skal lukkast med studiane, skal lærestadene gi kvar enkelt student tettare oppfølging. Lærestadene skal gjere avtalar med studentane der det går klart fram kva ansvar og plikter studenten og lærestaden har i forhold til kvarandre. Studentane skal få regelmessige tilbakemeldingar, noko som skal fremje læringa. Nye evalueringsmåtar gjennom heile året skal erstatte éin stor slutteksamen.

  • betre rettleiing for alle studentar
  • studieavtale mellom student og studiestad
  • meir studentaktive undervisningsformer
  • regelmessige tilbakemeldingar gjennom studieåret
  • nye og varierte evalueringsformer
  • mindre bruk av store eksamenar ved semesterslutt

NY GRADSSTRUKTUR

Det blir innført nye grader:

  • bachelorgraden på lågare nivå, med normert studietid på tre år
  • mastergraden på høgre nivå, med normert studietid på to år utover bachelor

Nokre utdanningar, mellom anna lærar-, kunst-, og profesjonsutdanningane, skal Stortinget behandle særskilt for å avgjere om dei skal passast inn i den nye gradsstrukturen.

Det blir innført eit felles system for å berekne den normerte studietida og karakterane: European Credit Transfer System (ECTS). Eit fullt studieår er normert til 60 studiepoeng. Poenga avløyser vekttal som mål på normert studietid. Den nye karakterskalaen skal ha seks trinn: frå A til E for bestått og F for ikkje bestått. Det gamle karaktersystemet med tal og desimalar forsvinn.

  • ny gradsstruktur med bachelor- og mastergradar
  • spesiell gjennomgåing av nokre utdanningar
  • nytt karaktersystem: A–E for bestått og F for ikkje bestått
  • 60 studiepoeng for eitt studieår

MEIR ANSVAR OG FRIDOM

Universiteta og høgskulane skal få meir fridom til å omstille seg og bruke ressursane best mogleg. Dei skal i større grad få fullmakt til å etablere og leggje ned fag og slik tilpasse seg studieønska til studentane og behova til samfunnet.

Styret ved institusjonane skal få fleire eksterne representantar, og studentstemmene blir viktigare. Det skal vere god studentrepresentasjon i alle styre og utval.

Lærestadene skal ha system som sikrar kvaliteten på undervisninga, og studentevalueringa skal vere ein viktig del av systemet. Det skal opprettast eit uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan. For å stimulere til høgre kvalitet ved institusjonane skal det innførast ein finansieringsmodell der vekttala og studiekvaliteten skal gi ei økonomisk utteljing.

Utdanningsinstitusjonane får større ansvar for læringsmiljøet til studentane. Dette ansvaret omfattar både faglege forhold, velferd og det sosiale og fysiske arbeidsmiljøet. Kvar institusjon skal opprette eit læringsmiljøutval som skal bidra til at krava til eit godt læringsmiljø blir følgde. Institusjonane skal tilretteleggje studiesituasjonen for studentar med særskilde behov.

  • større fagleg og økonomisk fridom for institusjonen
  • kvalitetssikring ved alle institusjonar
  • uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan
  • studentevaluering av kvaliteten på utdanninga
  • styrking av læringsmiljøet
  • tilrettelegging for studentar med særskilde behov
  • større påverknad for studentane i styre og utval

INTERNASJONALISERING

Alle som ønskjer det, skal få høve til å opphalde seg ved ein lærestad i utlandet som ein del av graden. Studentane skal få vite på førehand at utanlandsopphaldet kan vere ein del av graden. Det vil òg vere ønskjeleg at fleire utanlandske studentar skal komme til Noreg for å studere. Alle institusjonar må derfor ha eit nettverk for studentutveksling med institusjonar i ulike land. Fleire fag blir tilbydde på engelsk, også for norske studentar.

Alle norske universitet skal innan utgangen av 2001 ha innført det internasjonale vitnemålstillegget "Diploma supplement" for avslutta, godkjende studiar. Dette er viktig for å sikre studentmobiliteten og for å få godkjent utdanninga etter at studiane er avslutta.

Innføringa av det europeiske systemet ECTS for vekttal og karakterar gjer det enklare å passe fag ein har teke i utlandet, inn i ein norsk grad og omvendt. Innføringa av det nye gradssystemet medverkar òg til internasjonaliseringa.

  • utanlandstilbod til alle studentar som tek ein grad
  • fleire utanlandske studentar i Noreg
  • internasjonalt vitnemålstillegg
  • nytt system for vekttal og karakterar
  • nytt gradssystem

BETRE STUDIEFINANSIERING

Eit viktig mål med reforma er å gi studentane tilbod om og høve til å studere på heiltid. Studiefinansieringa skal aukast med 1000 kroner per månad, til saman 10 000 kroner i året. Denne auken kjem i form av stipend, slik at stipenddelen blir nesten 40 prosent. Alle studentar får dermed utbetalt 80 000 kroner i året.

Delar av lånet blir gjorde om til stipend etter kvart som ein står på eksamen, uavhengig av om studiane blir gjennomførte på normert tid.

Departementet ser nærmare på korleis ein del av stipendet skal vere uavhengig av om ein har bestått studiane. Dei sosiale ordningane i studiefinansieringa, til dømes i samband med fødsel og sjukdom, held fram.

Fribeløpet for arbeidsinntekt skal aukast frå grensa på 5200 kroner per månad til 100 000 kroner per år.

  • Stipendet blir auka med 1000 kroner i månaden.
  • Det utbetalte beløpet blir på 80 000 kroner i året.
  • Delar av lånet blir gjorde om til stipend etter beståtte studiar. Stipend uavhengig av beståtte studiar blir nærmare utgreidd.
  • Dei sosiale ordningane i samband med fødsel og sjukdom held fram.
  • Studentar kan tene 100 000 kroner i året utan å tape stipend.

GJENNOMFØRING AV REFORMA

Den nye reforma skal gjennomførast raskast mogleg, og det skal vere gode overgangsordningar for dei som alt er komne i gang med eit studium. Frå hausten 2003 skal alle endringane vere på plass.

Enkelte fag får overgangsordningar, og det vil kome informasjon om dette ved starten av kvart semester. Det vil òg bli laga opplegg for korleis fag som er tekne etter den gamle strukturen, kan bli ein del av dei nye gradane. Det vil seie at alle som er nye studentar denne hausten, kan avslutte studiet med ein ny grad, mens dei som alt er i gang, kan fullføre studiane sine som planlagt.

Universitet og høgskular har alt byrja arbeidet med å forbetre studiekvaliteten og innføre nye evalueringsformer.

Frå hausten 2002 skal studiefinansieringa vere på 80 000 kroner i året. Den nye stipendmodellen blir ikkje innført før ein betre studiekvalitet og nye evalueringsformer er på plass.

Fribeløpet for arbeidsinntekt på 100 000 kroner utan frådrag i stipend skal gjelde frå 1. januar 2002.

MEIR INFORMASJON

Kvalitetsreforma inneber ei omfattande omlegging av høgre utdanning, og i ein overgangsfase kjem det nok til å dukke opp spørsmål som du ikkje finn svar på i denne brosjyren. Når endringane i universitets- og høgskulelova blir vedtekne og overgangsordningane er etablerte, kan studentkontoret og studierettleiarane på lærestadene svare på slike spørsmål.