Historisk arkiv

Rundskriv N-3/2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Honnørrabattordninga - ledsager til døvblinde - tilleggslegitimasjonskort

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET
Transportavdelinga

RUNDSKRIV N-3/2001

Samferdselsadministrasjonane i fylkeskommunane,
Oslo kommune
Byrådsavdeling for miljø og samferdsel
Transportseksjonen, NSB BA,
Vegdirektoratet, Ferjekontoret,
Transportbedriftenes Landsforening,
Rederienes Landsforening,
Hurtigruteselskapa,
Kommunenes Sentralforbund,
Kommunal- og regionaldepartementet,
Sosial- og helsedepartementet,
Rikstrygdeverket

16.3.2001

Honnørrabattordninga - ledsager til døvblinde tilleggslegitimasjonskort

Innleiing

I samsvar med Rundskriv N-6/88 fekk døvblinde frå 1. juli 1988 som hovudregel rett til å ta med seg ein person gratis på kollektive transportmiddel, unntatt fly, mot framsyning av tilleggslegitimasjon frå Statens sentralteam for Døvblinde.

Endring med omsyn til utferding av tilleggslegitimasjon

Det statlege kompetansesystemet for døvblinde er no organisert såleis at landet er delt opp i 4 regionar, med kvar sitt regionsenter, som har ansvaret for m.a. diagnostisering av døvblinde i sin region. Dei oppgåvene som det tidlegare sentralteamet hadde med m.a. diagnostisering av døvblinde, er no lagt ut til dei 4 regionsentra. I den samanhengen er det no dei 4 regionsentra som har rett til utferding av tilleggslegitimasjon for døvblinde.

Dei 4 regionsentra er:

Døvblindesenteret i Nord-Norge
Pb 3323
9275 Tromsø

Skådalen kompetansesenter
Regionsenteret for døvblinde
Pb 13 Slemdal
0710 OSLO

Vestlandet kompetansesenter
Regionsenteret for døvblinde
Jonas Lies veg 68
5058 BERGEN

Andebu Døvblindesenter
Pb 95
3162 ANDEBU

Samferdselsdepartementet ber om at fylkeskommunane snarast kopierer og vidaresender rundskrivet til dei lokale transportselskapa som er omfatta av ordninga.

Med helsing

Arnfinn Øen e.f.

Arnold Langaas

VEDLEGG