Historisk arkiv

Befringutvalgets mandat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Befringutvalet

Samansetning:

Professor Edvard Befring (leiar),Oslo

Amanuensis Solveig Botnen Eide, Lillesand

Helse- og sosialsjef Asbjørn Fjose, Førde

Direktør Marit Gjærum, Hamar

Advokat Knut Lindboe, Oslo

Professor Terje Ogden, Moss

Seksjonsleder Kristin Jæger Sivertsen, Oslo

Generalsekretær Hege Sundt, Oslo

Høgskolelektor Berit Aanderaa, Tønsberg

Mandat:

Utgreiinga skal ta føre seg alle sentrale område i barnevernet og legge særleg vekt på:

  • korleis en kan utvikle hjelpetiltak og til dømes styrkje fosterheimane
  • førebyggjande tiltak i familiane og i barn og familiar sine nærmiljø
  • korleis en kan styrkje både foreldre og barn sin rettstryggleik i barnevernsaker innanfor rammene av eit fagleg, etisk og organisatorisk godt barnevern

Ein reknar med at utvalet gjer seg kjent med og inkluderer dei resultata frå evalueringa av barnevernlova som blir publisert i utvalsperioden.

Utvalet si gjennomgang og drøfting av barneverntenesta skal innehalde følgjande hovudpunkt:

  • Utvikling av førebyggjande tiltak og hjelpetiltak i familiane og samarbeid mellom barneverntenesta og ulike brukarar av tenesta. I høve til barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar skal utvalet drøfte i kva grad det er føremålstenleg å byggje opp tiltak i nærmiljøet og korleis dette kan gjerast.
  • Utvikling av omsorgstiltak i fosterheimar og institusjonar, gjennom m.a. ei drøfting av institusjonar sin plass og funksjonar og fosterheimane sine oppgåver, status og roller i høve til offentlege barneverntenester. Utvalet skal i tillegg vurdere bruken av institusjonar og fosterheimar som hjelpetiltak.
  • Ansvarstilhøve og samarbeid: Mellom barneverntenesta og andre etatar som arbeider med barn og unge i kommunar og fylkeskommunar, mellom etatar på tvers av forvaltningsnivå, mellom offentlege, private og frivillige tiltak og tenester, mellom kommunar og mellom fylkeskommunar.
  • Oppsummere tilgjengeleg kunnskap om i kva grad og korleis lovverket sikrar partane sin rettstryggleik i barnevernsaker og kvalitativt gode tenester. Under dette punktet skal utvalet m.a. vurdere den nye ordninga med fylkesnemndene for sosiale saker.
  • Utvikling av kompetansen i barneverntenesta i ei vid tyding av omgrepet. Dette gjeld t.d. føremålstenlege konsultasjonsordningar i og mellom kommunar og fylkeskommunar og evner til å takle etiske og normative dilemma i barneverntenesta.
  • Vurdere behov for endringar i m.a. lov- og regelverket og økonomiske og administrative konsekvensar av utvalet sine tilrådingar. Minst eit av endringsframlegga skal bygge på føresetnader om uendra eller redusert bruk av ressursar.