Historisk arkiv

Samla budsjett 2000: Satsing på barn og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 00026
Dato: 27.03.00

Priv til red.:

Samla oversikt budsjett 2000: Satsing på barn og unge

Barne- og familiedepartementet har utarbeidd ei samla oversikt over innsatsen for barn og unge på statsbudsjettet for 2000. Publikasjonen omtalar alle dei viktigaste tiltaka for barn og unge på budsjetta for 11 ulike departement.

Omtala av mål, satsing og budsjettpostar tek føre seg desse hovudområda:

  • Eit betre oppvekstmiljø
  • Omsorg, tryggleik og kvardag for familien
  • Helse og sosiale forhold
  • Kvalifisering for framtida
  • Kreativ, kulturell og fysisk aktivitet
  • Tilrettelegging for eit fleirkulturelt samfunn
  • Internasjonalt samarbeid, kontakt og bistand
  • Forsking og utvikling

Publikasjonen blir i desse dagar distribuert til alle kommunar i landet.

Tinging av "Satsing på barn og ungdom" om mål og innsatsområde i statsbudsjettet 2000

kan rettast til Akademika, Postboks 8134, Dep 0033 Oslo. Tlf. 2211 67 70.

Tingingsnr.: Q-0999.

Publikasjonen vil óg bli lagt ut på Odin med det første.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon!

Med helsing

Informasjonssekretariatet - BFD