Historisk arkiv

Auka økonomiske rammer for internasjonale fredsoperasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Forsvarsdepartementet

I St. prp. nr. 44 (1999-2000) som vart oversendt Stortinget 7.04.00, bad Forsvarsdepartementet om auka rammer med 1 289 millionar kroner.

Pressemelding

Nr.: 18
Dato: 07.04.00

FORSVARSDEPARTEMENTET BED OM AUKA ØKONOMISKE RAMMER FOR INTERNASJONALE FREDSOPERASJONAR

I St. prp. nr. 44 (1999-2000) som vert oversendt Stortinget i dag, bed Forsvarsdepartementet om godkjenning til å auke dei økonomiske rammene for internasjonale operasjonar i år med 1 289 millionar kroner. Dei totale kostnadene vil med dette utgjere 2 149 millionar kroner for 2000. Av dette utgjer kostnadene til norske styrkar i Kosovo (KFOR) 1 786 millionar kroner.

Då budsjettet for 2000 vart godkjent, var det alt klart at løyvingane på 860 millionar kroner til internasjonale operasjonar berre dekte utgiftene for ein del av året. I tillegg er kostnadene ved KFOR mykje høgare enn det som har vore vanleg for andre norske utanlandsoperasjonar. Dette skuldast for ein stor del omsynet til personelltryggleiken i eit spent og utsett område. Dei auka kostnadene fordeler seg på fire hovudområde:

- driftsutgifter, herunder drivstoff, leige, eigedom, bygg og anlegg

- ekstra øving og trening i Noreg før utreise

- ekstra utrusting, herunder utstyr for personellvern, delar og materiell

- kostnader overførde frå 1999 (85 millionar kroner)

Regjeringa vil kome tilbake til spørsmålet om inndekking av dei auka kostnadene i samband med Revidert nasjonalbudsjett.