Historisk arkiv

Einingskvotar for konvensjonelle fartøy over 28 meter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Regjeringa har fastsett ei ny ordning med einingskvotar for konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter. Einingskvotar inneber at fiskekvotar frå fleire fartøy i ein tidsavgrensa periode kan samlast på ein båt, mot at dei andre fartøya vert tatt ut av fisket.

Pressemelding

Nr.: 38/2000
Dato: 28.07.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40

Einingskvotar for konvensjonelle fartøy over 28 meter

Regjeringa har fastsett ei ny ordning med einingskvotar for konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter. Einingskvotar inneber at fiskekvotar frå fleire fartøy i ein tidsavgrensa periode kan samlast på ein båt, mot at dei andre fartøya vert tatt ut av fisket.

- På denne måten får næringa sjølv høve til å tilpasse fangstkapasiteten og sikre eit betre driftsgrunnlag for dei attverande fartøya, seier fiskeriminister Otto Gregussen. – Saman med einingskvoteordningane som vart innført for torsketrålarane, ringnotfartøya og grønlandsrekeflåten tidlegare i sommar, og nye utskiftingsbestemmelsar som er innført eller vil bli innført for desse, har dei største fiskefartøya no fått gode rammevilkår, seier Gregussen.

Ordninga med einingskvotar for den konvensjonelle flåten omfattar i dag 98 fartøy på og over 28 meter. Dei fleste fiskar med line, nokre med garn og resten har ulike driftskombinasjonar, som også omfattar reketrål.

Dersom eit fartøy frå Sør-Noreg får tildelt einingskvote ved at fartøyet som går ut av fisket er frå eitt av dei fem nordlegaste fylka, vert einingskvoten avkorta med 20 prosent. Dette vert gjort for å bremse kvoteoverføringar frå nord til sør.