Historisk arkiv

Grenser for fiske med havgåande autolinefartøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Fiskeridepartementet har fastsett grenser for kor nær kysten dei havgåande autolinefartøya kan fiske. Føremålet er å verne lokale og stasjonære botnfiskbestandar langs kysten mot eit altfor intensivt fiske og å verne det tradisjonelle kystfisket mot for sterk konkurranse frå dei havgåande linebåtane.

Pressemelding

Nr.: 43 /2000
Dato: 18.08.2000
Kontaktperson: Rådgjevar Roald Paulsen 22 24 64 69

Grenser for fiske med havgåande autolinefartøy

Fiskeridepartementet har fastsett grenser for kor nær kysten dei havgåande autolinefartøya kan fiske. Føremålet er å verne lokale og stasjonære botnfiskbestandar langs kysten mot eit altfor intensivt fiske og å verne det tradisjonelle kystfisket mot for sterk konkurranse frå dei havgåande linebåtane.

Forskrifta om grensedraging for autolinefartøy er i samsvar med framlegga frå ei arbeidsgruppe som har utgreidd saka på oppdrag frå Fiskeridepartementet. Forskrifta fastslår at det er forbode for autolinefartøy over 21,35 meter å fiske innafor ei grense dregen langs heile kysten fire nautiske mil frå grunnlinja. Denne grensa skal gjelde heile året med unnatak for to område utanfor Finnmark og Troms, der grensa er 10 nautiske mil frå 1. september og ut året, og eitt område utanfor Nordland, der grensa er 10 nautiske mil frå 1. september til 30. april.