Historisk arkiv

Øyvind Stene ny kystdirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Øyvind Stene er i statsråd tilsett som ny kystdirektør for ein åremålsperiode på seks år.

Pressemelding

Nr.: 37/2000
Dato: 28.07.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig 22 24 64 37

Øyvind Stene ny kystdirektør

Øyvind Stene er i statsråd tilsett som ny kystdirektør for ein åremålsperiode på seks år.

Øyvind Stene er fødd i 1947. Han er utdanna sivilingeniør frå Norges Tekniske Høgskole og har arbeidd både i privat og offentleg verksemd. Frå 1973 til 1984 arbeidde han i Viak AS, med unnatak av halvtanna år som NORAD-ekspert i Zambia. I 1984 vart Stene direktør i Norges Sjøkartverk i seks års åremålsstilling, og i 1990 vart han tilsett i ny åremålsstilling som kartverksjef i Statens Kartverk. Øyvind Stene starta i 1996 som partnar og rådgjevar i Kjeld Rimberg & Co.